Det er ikkje så mykje du treng å ta med deg til sjukehuset, men enkelte ting bør du ha med. Her er ei hugseliste som kan vere til nytte.
- Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få tilsvarande medisin frå apoteket.
- Ta også med ei liste over all medisinen du brukar, ikkje berre den faste. Sovetablettar, smertestillande, avføringsmiddel og P-piller er òg viktig å informere om, det same gjeld alle former for alternativ behandling og kosttilskot.
- Morgonkåpe eller romsleg treningsbukse med strikk i livet som kan regulerast.
- Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske årsaker er det ikkje lov å gå barbeint på sjukehuset.
- Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin.
- Hjelpemiddel som du er avhengig av, for eksempel stokk, krykker, rullator eller rullestol.
- Ikkje ta med pengar og verdisaker. Kort kan nyttast i kantina og i automat for litt snacks, småmat og toalettartiklar.
- På sjukehus er strenge krav til hygiene ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane våre. Det er derfor eit generelt forbod mot å ta med dyr inn i bygningar på sjukehusområdet