Saksgang for tilvisingar

Det er ulike vurderingsfristar ut frå alder og kor alvorleg sjukdommen din er. Her finn du meir informasjon om både vurderings- og behandlingsfristar hos Avdeling for rusmedisin.

Mottak av tilvising

Når postmottaket ved Haukeland univeristetssjukehus tar imot tilvisinga blir mottaksdato registrert og tilvisinga blir lagt inn i det elektroniske pasientjournalsystemet.

Tilvisinga vert så tildelt forskjellige vurderingsteam ved Avdeling for rusmedisin (AFR), enten ved AFR  Poliklinikk vaksne eller ved AFR seksjon LAR. 


Frist for vurdering

For pasientar under 23 år skal tilvisinga vurderast innan 10 virkedagar frå den dato tilvisinga er registrert tatt imot i postmottaket. 

For pasientar over 23 år skal tilvisinga vurderast innan 30 virkedagar. 

For pasientar med alvorleg eller livstruande sjukdom bør vurderinga gjerast innan 15 virkedagar.


Behandlingsfrist og tilbod om behandling

Pasientar med rett til nødvendig helsehjelp vil også få ein juridisk bindande frist for når behandlinga seinast skal starte. 

Pasientane vil deretter få tilbod om behandling frå Avdeling for rusmedisin eller frå andre offentlege eller private behandlingstilbod innan Helse Vest. 

Det er også mogleg å nytte seg av ordninga med Fritt sjukehusval. ​​