LAR - Tilvising
I ei tilvising til Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) må ein dokumentere langvarig og omfattande opioidavhengigheit. Det er anbefalt at ein tek kontakt og samarbeidar med fastlege og sosialtenesta, både når det gjeld skriving av tilvisinga og når det gjeld den vidare oppfølginga og behandlinga av pasienten.
Ved tilvising til Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) vert det anbefalt at det er kontakt og samarbeid mellom fastlege og sosialtenesta, både når det gjeld skriving av tilvisinga og når det gjeld den vidare oppfølginga og behandlinga av pasienten.
Anna relevant og viktig informasjon for ei heilhetleg behandling av tilvisinga er:
- Informasjon om tidlegare behandlingserfaring innen tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Epikriser frå desse bør leggast ved. Legg merke til at Helse Bergen ikkje har tilgang til Stiftelsen Bergensklinikkenes journalsystem.
- Sosialanamnese: Familieforhold, sosialt nettverk, arbeidserfaring, kontakt med sosialtenesta, økonomiske forhold, fengselsopphald, dommar som ikkje er sona?
- Positive eigenskaper og ressursar hos pasienten.
- Somatisk og psykiatrisk komorbiditet. Bruk av andre rusmiddel? Avhengigheit av andre rusmiddel?
- Er det etablert ansvarsgruppe? Har pasienten ein individuell plan?
- Andre tilhøve som tilviser meiner er sentrale for å få fram eit dekkande bilde av pasientens utfordringar.
Generelt gjeld at det må stillast diagnose på opioidavhengigheit for at LAR skal vere eit behandlingsalternativ.
Kriteria er:
- Sterk lyst eller kjensle av tvang til å innta opioid
- Problem med å kontrollere inntaket av opioid med omsyn til innleiiing, avslutning og mengde
- Fysiologisk abstinenstilstand når opioidbruken har opphøyrt eller er redusert
- Toleranseutvikling, auka dosar er nødvendig for å oppnå den samme effekten som lågare dosar tidlegare gav
- Aukande likesæle overfor andre gleder eller interesser, som følge av bruk av opioid. Meir og meir tid blir brukt på å skaffe eller innta stoffet eller til å komme seg etter bruken
- Bruken av opioid blir oppretthalde trass i openberre teikn på skadelege konsekvensar
Diagnosen kan vere stilt tidlegare, men skal alltid verifiserast av inntakseininga før ein kan gi tilbod om LAR.
Tilvisingar til LAR må derfor synleggjere om og kor lenge vilkåra over har vore til stades. Ein treng historikk på rusmiddelbruk, spesielt om bruk av opioid. Har pasienten injisert, har det vore overdosar? Har det vore rusfrie periodar?
I tillegg er det ønskeleg med opplysningar om sosiale og familiemessige forhold, om kronisk sjukdom og behandling, medikamentliste, og erfaringar med eventuell tidlegare behandling i TSB.
Postadresse:
Haukeland Universitetssjukehus
Avdeling for rusmedisin
Postboks 1400
5021 Bergen
Fastlegar, andre legar og NAV sosialteneste kan sende tilvising.
Samarbeid mellom pasient, fastlege og sosialteneste under utarbeiding av tilvising er som nevnt sterkt anbefalt.
Prosess og rammer for behandling