Veileda sjølvhjelp via internett ved legemiddelavhengigheit. Ein pilotstudie.
Studiar har dokumentert effekten av rettleidd sjølvhjelp via internett ved problematisk bruk og avhengnad av ulike rusmiddel. Ein australsk studie viser at internettbasert behandling kan hjelpa personar som har vorte avhengige av vanedannande legemiddel til å trappe ned og slutta med slike.
Me ønskjer å testa gjennomførlegheita av eit tilsvarande behandlingsprogram med utgangspunkt i ein behandlingsmodell som blir nytta ved legemiddelavhengnad i ansikt til ansikt behandling ved Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus.
Forskningsspørsmål
Er rettleidd sjølvhjelp via internett for legemiddelavhengnad gjennomførbart for sjølvtilviste pasientar, og eignar prosjektet seg for ein større studie?Kva faktorar bidreg/ bidreg ikkje til gjennomførlegheit av behandling?Korleis opplever deltakarane rettleidd internettbehandling?
Forskningsobjekter/utvalg
Inklusjonskriterier: Selvhenviste personer (kvinner og menn) 20 år og eldre med langvarig bruk/avhengighet av vanedannende legemidler mot angst, smerter og søvnproblemer. Langvarig bruk defineres som daglig bruk i mer enn 3 måneder. Deltakerne må ha tilgang til PC med internettilkopling. Samarbeid med fastlege nødvendig.
Eksklusjonskriterier: a) personer med alvorlige alkoholproblemer eller som bruker illegale rusmidler, omfattende lese-og skrivevansker b) personer som har behov for annen behandling eller med alvorlige psykiske lidelser c) personer med kognitiv svikt/demens.
Rekruttering: Gjennom avisannonse vil vi rekruttere mellom 8-12 deltakere.
Metode
Inklusjonskriterium:
Sjølvtilviste personar (kvinner og menn) 20 år og eldre med langvarig bruk/avhengnad av vanedannande legemiddel mot angst, smerter og søvnproblem. Langvarig bruk blir definert som dagleg bruk i meir enn 3 månader. Deltakarane må ha tilgang til PC med internettilkopling. Samarbeid med fastlege nødvendig.
Eksklusjonskriterium:
- Personar med alvorlege alkoholproblem eller som bruker illegale rusmiddel, omfattande lese-og skrivevanskar
- Personar som har behov for anna behandling eller med alvorlege psykiske lidingar
- Personar med kognitiv svikt/demens.Rekruttering: Gjennom avisannonse vil me rekruttera mellom 8-12 deltakarar.
Intervensjon
Behandlingsmanualen er ein kombinasjon av kognitiv åtferdsterapi der øvingar i merksamt nærvær (mindfulness) inngår som eit sentralt element, og systematisk gradvis nedtrapping av det vanedannande legemiddelet. Skriftleg nedtrappingsplan blir sett opp i samarbeid med fastlege.
Behandlinga som går over 8-12 veker rettar seg både mot sjølve legemiddelavhengnaden og det underliggjande symptombiletet (søvnproblem, smertar og angst). Manualen består av 8 modular på mellom 5 og 16 sider med tekst, illustrasjonar og lydfiler (knytt til øvingar i merksamt nærvær).
Modulane blir lagde inn på nettplattforma SurveyXact som deltakarane får tilgang til via eit personleg passord. Deltakarane får ein ny modul når dein førre er fullført.
Nettplattforma vil inkludera sjølvhjelpsmateriell, sjølvrapporteringsskjema, vekevis overvaking av nedtrappingsplan, øvingar og heimeoppgåver. Terapeutkontakt/rettleiing er sekundært til sjølvhjelpsprogrammet. Deltakar og terapeut har kvar veke kontakt per telefon (avgrensa til 10 minutt).
Gjennomføringsplan
Pilotstudien er eit samarbeid mellom Det psykologiske fakultetet og Avdeling for rusmedisin. Studien blir gjennomført i regi av Institutt for klinisk psykologi.Pilotstudien er godkjend av REK.Tidsplan: Planlagd oppstart av datainnsamling er februar 2016. Plan for publikasjonar: Resultata frå pilotstudien vil bli publiserte i fagfellevurderte tidsskrift. Det er også aktuelt å formidla resultata til allmennbefolkninga, t.d. som kronikk i dagspressa.Kontaktinformasjon
Prosjektleiar Linn-Heidi Lunde, Avdeling for rusmedisin/Institutt for klinisk psykologi
Sist oppdatert 17.03.2025