Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

NORCATS

Nasjonalt forskningssenter for substitusjonsbehandling ved rusmiddelavhengighet (NORCATS) har den nødvendige kompetansen, kliniske og forskingsmessige infrastrukturen til å leia det nasjonale oppdraget som blei etablert ved Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen i juni 2023.

Det nasjonale oppdraget vart gitt til Helse Vest frå regjeringa ved Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) 17.01.2023:

«Dei regionale helseføretaka skal, i samarbeid og under leiing av Helse Vest RHF, styrke kunnskapsgrunnlaget for substitusjonsbehandling for avhengigheit av opioid, benzodiazepin og sentralstimulerande midlar, mellom anna gjennomføra nasjonale kliniske studiar på området». 

Oppdraget blei vidare delegert til Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen.

Hovudformåla til forskingssenteret er å

  • Koordinera nasjonale og multisenterstudier på substitusjonsbehandling av benzodiazepin-, amfetamin- og opioidavhengigheit
  • Utvikle og utvide forsknings- og klinisk kompetanse på utprøvande substitusjonsbehandling på nasjonalt nivå
  • Bidra til utvikling av tilpassa og profesjonelle helsetenesteplattformer for raskare tilgang til substitusjonsbehandling (i større skala og med lågare tersklar)
  • Ha ein viktig rolle nasjonalt og internasjonalt i formidling av evidensbasert kunnskap om substitusjonsbehandling 
Forskingssenterets visjon er betre evidens om substitusjonsbehandling som fremjar helse og livskvalitet hos personar med rusmiddelavhengnad
HOD

Det blir per i dag leidd to store multisenterstudium ved senteret:

Det er under planlegging fleire nasjonale studiar hos pasientar som er i LAR og pasientar som ikkje er under LAR behandling.

Verdiar

Framifrå forsking Sikre forsking av høg kvalitet om substitusjonsbehandling som varetek vitskaplege, etiske og lovpålagde føringar relaterte til forsking

Brukarinvolvering Framme klinisk orientert og integrert forsking om substitusjonsbehandling og med sterk involvering av brukarmedverknad 

Kunnskapsbasert praksis Formidla kunnskap om substitusjonsbehandling og gjera forskingsfunna våre synleg for fagmiljø, pasientgrupper og helsepolitikarar, nasjonalt og internasjonalt

Organisatorisk ligg senteret i linje direkte under avdelingsleiar i Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen, som ei eiga eining. Senteret har ein eigen leiar, ei leiargruppe og eit koordineringsteam og har hovudbasen sin i Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus, seksjon forsking.

NORCATS har eit tett samarbeid med dei to andre forskingsgruppene i forskingsseksjonen dvs. PIA og BAR, i tillegg til dei andre regionale helseføretaka og Universitetet i Bergen.

 Det er mellom anna etablert viktige samarbeidsarenaer med fleire nasjonale forskings- og kliniske miljø i Helse Sør-Aust (Vestfold, Østfold, Telemark og Ahus), Helse Midt (Trondheim), Helse Nord (Troms og Finnmark) og Helse Vest (Stavanger).

Senteret har også eit tett samarbeid med fleire internasjonale forskingsmiljø og organisasjonar som FNs kontor for rusmiddel og kriminalitet (UNODC ved verdas helseorganisasjon) og dei europeiske overvakingsstyresmaktene for rusmiddel (EMCDDA/EUDA).

Sist oppdatert 04.11.2024