4 prsoner sitter rundt et bord

Rusmedisin Poliklinikk Kanalveien

Dette er eit behandlingstilbod for personar som har, eller står i fare for å utvikle, eit problematisk forhold til rusmidlar eller pengespel.

Poliklinikken i Kanalveien 5 tilbyr utredning og behandling til menneske med rus- og avhengigheitsproblem, og til deira pårørande. Vi er til saman 40 tilsette med ulik fagbakgrunn, deriblant psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, musikkterapeut og merkantile. Alle behandlarar hos oss jobbar tverrfagleg for å gi best mogleg hjelp til våre pasientar. For dei fleiste pasientar og pårørande vil behandlinga finne stad i poliklinikken.
 
 Behandling kan til dømes bestå av samtaleterapi, gruppebehandling, sosialfagleg oppfølging (til dømes samarbeid med NAV eller andre tenester) eller musikkterapi, for å nemne noko.

Vi har også jobbspesialistar som kan hjelpe den som ønskjer å kome seg ut i arbeidslivet. Enkelte av våre pasientar har i perioder behov for andre typer hjelp enn det poliklinikken kan tilby, til dømes innlegging i døgneining eller ambulant oppfølging. Ansvarleg behandlar på poliklinikken vil då hjelpe med å vurdere slike behov og eventuelt ordne slike tenester for den som treng det. 
 
Vi jobbar ut ifrå ulike terapiretningar avhengig av tilstand og behov, der kognitiv atferdsterapi, mentaliseringsbasert terapi, motiverande intervju, spillavhengigheit, musikkterapi og «Jobb Først» er sentrale metoder for behandling og oppfølging hos oss. 
 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:30 - 15:00
  • Tysdag 08:30 - 15:00
  • Onsdag 08:30 - 15:00
  • Torsdag 08:30 - 15:00
  • Fredag 08:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Avdeling for rusmedisin Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Besøkstider

  • I dag 08:00 - 15:30
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
inngangspartiet til Kanalveien 5

Kanalveien 5

Kanalveien 5

5068 Bergen

Bussar frå sentrum til Reperbanen:  
​Buss 51 (Bergen Bystasjon – Birkelandsskiftet)  
Buss 67 (Bergen Bystasjon – Nordås-Søråshøgda)  
Buss 83 (Bergen Bystasjon - Nesttun)  

Næraste bybanestoppar er Kronstad. 

Det er dessverre ingen parkering rett utanfor poliklinikken vår i Kanalveien 5. Næraste parkering er i Kronstadparken parkeringshus, Fabrikkgaten 6. 

Drop-in-tilbud for pårørende

Gratis drop-in-tilbud for pårørende
Tidspunkt:
onsdager, klokken 16:00 – 18:00
Sted: Kanalveien 5

Her kan du som pårørende treffe fagpersoner fra Helse Bergen og pårørende fra Ivareta Bergen. 

Følg Ivareta Bergen på Facebook.

MBT

MBT-RUS er ein behandlingsmetode retta mot samtidig rusliding og personlegdomsforstyrring. I AFR har me eit dedikert MBT-team som jobbar etter denne modellen, organisert under poliklinikk Kanalveien. Det er ein svært sterk samvariasjon mellom ruslidingar og personlegdomsproblematikk.