
M31
M31 er eit supplement til det ordinære systemet med tilvising, og er etablert for å nå fleire i målgruppa med tilbod om behandling. Pasientar som blir tilbydd LAR kan starte poliklinisk utan krav om rusfridom.
Under pandemien med Korona er vurdering og inntak i LAR høgt prioritert og eit tilbod som vil bli oppretthalde. Samarbeidspartnarar blir bedne om aktivt å informere personar i målgruppa om tilbodet, og at ein tar kontakt på telefon i forkant av oppmøte. Dette av smittevernomsyn.
Behandlingseininga er også ein LAR-poliklinikk for pasientar som bur i Årstad bydel. Den er tverrfagleg bemanna med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, erfaringskonsulent, overlege, LIS-lege og psykolog.
Poliklinikken er open 6 dagar i veka i tidsrommet 08.30.-12.00 for pasientsamtalar og utdeling av LAR-legemiddel. Oppfølging av pasientar og samarbeid med kommunale tenester og andre finner stad også etter den ordinære opningstida. Pasientar som får sitt LAR-legemiddel utlevert på apotek blir også følgt opp av behandlarar ved poliklinikken. Kvar pasient har eigen behandlar i det tverrfaglege teamet.
Telefon: 555 970700.