Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Heroinassistert behandling

Helse Bergen sitt tilbod om heroinassistert behandling opna i mars 2022. Tilbodet er ein del av legemiddelassistert rehabilitering (LAR), og blir drifta i nært samarbeid med Bergen kommune.

Heroinassistert behandling (HAB) er eit tilbod for ei utvald målgruppe av personar med avhengigheit til heroin, som ikkje har hatt tilstrekkeleg behandlingseffekt av anna behandling.

Det som skil HAB frå LAR er først og fremst legemiddelet. Diacetylmorfin (heroin) kan bli inntatt ved intravenøs injeksjon eller som tablettar og må bli inntatt fleire gonger i døgnet. Dette til forskjell frå LAR-legemiddel (metadon, buprenorfin) som blir inntatt éin gong i døgnet.

I praksis betyr dette at pasientane må møte opp for inntak av legemiddelet to gonger dagleg, sju dagar per veke. Det vil ikkje bli gitt ta-med-heim dosar. Alle inntak skjer under påsyn av helsepersonell i HAB-klinikken.

Fastlegar og NAV sosialtenesta kan tilvise til heroinassistert behandling.


Tilvisingar kan sendast til:

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for rusmedisin
Postboks 1400
5021 Bergen

Heroinassistert behandling er bemanna frå kl. 08 til ca. kl. 18, alle dagar inkludert søndag. Det vil ikkje vere behandlingsaktivitet verken kveld eller natt. Etter kvart inntak av diacetylmorfin (heroin) vil pasienten måtte bli i lokalet ei tid for observasjon.

Avdeling for rusmedisin har LAR-poliklinikkar i dei fleste bydelar i Bergen kommune, som sørger for LAR-behandlinga til pasientane som bur i bydelen. HAB vil vere for pasientar frå alle bydelar, i tillegg til pasientar frå kommunane rundt, som kan søke seg til behandling ved HAB-klinikken.

Det er usikkert kor mange pasientar som er i målgruppa for HAB. I prosjektbeskrivelsen frå Senter for rus- og avhengighetsforskning (SERAF) har ein lagt til grunn ein stad mellom 50 og 100 pasientar i HAB i Bergen ved full drift. Det er likevel å forvente at det vil ta tid før en eventuelt når eit slikt tal pasientar. Ved utgangen av mai 2022 er det 10 pasientar i HAB.

Vi forventar at pasientgruppa vil ha mange av dei same behova for tverrfagleg, integrert behandling og oppfølging som pasientar i LAR. Tilbodet i HAB-klinikken og samarbeidet med kommunale tiltak, fastlegar, DPS og andre vil derfor vere som i LAR elles.

Ein viktig del av oppdraget til HAB er forsking på korleis behandlingstilbodet best kan implementerast som del av LAR i Noreg, og på effektar av behandlinga på pasientane si helse og livskvalitet. Forskingseininga Bergen Addiction Research group (BAR) i Avdeling for rusmedisin er ein sentral del av forskingssamarbeidet, som blir leia av Senter for rus- og avhengighetsforsking (SERAF) ved Universitetet i Oslo.


Heroinassistert behandling skal på sikt halde til i Håkonsgaten i Bergen sentrum. 

Som ved LAR-poliklinikkane våre er vi opptatt av eit godt samarbeid med naboane og vil invitere til informasjonsmøter. Vi gjennomførte informasjonsmøte i Håkonsgaten i august 2021, då planen var oppstart i Engen-bygget ved årsskiftet 2021/2022.

Sidan ombygginga av lokala i Håkonsgaten tar lenger tid enn tidligare berekna, starta vi opp med HAB i mellombelse lokale i Skutevikenklinikken i mars 2022.  Det vart halde informasjonsmøte i Skutevikenklinikken i februar 2022.

Har du spørsmål?

Kontakt afr@helse-bergen.no, merk e-posten med «Heroinassistert behandling»

 

Kontakt

Slik finn du fram

En bygning med vei og biler

Nye Sandviksveien 84

Nye Sandviksveien 84

5032 Bergen

Evalueringsprosjekt Heroinassistert behandling

Målsetjinga med det kliniske prøveprosjektet er å utvida LAR til å omfatta medisinsk heroin (diacetylmorfin) i anten injiserbar eller peroral (tablett) form som kan gjera det mogleg å behandla personar der standardforløpet i LAR ikkje har ført til tilfredsstillande resultat.

Oppdraget skal munna ut i ein evalueringsrapport med tilrådingar til offentleg styresmakt om HAB bør førast vidare, utvidast eller avviklast etter prøveperioden.

Evalueringsprosjekt Heroinassistert behandling
En mann som ser til siden

Opna heroinassistert behandling i Bergen

Herved erklærer eg HAB for opna i Bergen. Lykke til på ferda. Dette skal bli bra, og vi skal utvikle vegen vidare saman, sa helseminister Ingvild Kjerkol då ho klipte snora for Heroinassistert behandling i Skuteviken måndag.

Opna heroinassistert behandling i Bergen
En person som holder et rødt bånd