Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Informasjon til deg som har fått rett til behandling i Legemiddelassistert rehabilitering

Du har fått rett til behandling i Legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Dette er ein generell informasjon om behandlinga og kva moglegheiter du har i pasientforløpet og rehabiliteringa i LAR.

Målsetting

I LAR kan du gradvis oppnå ein betre livskvalitet.Saman med behandlaren din vil du få laga di eigen behandlingsplan og setja eigne mål for behandling og rehabilitering.

Behandlingens innhold og rehabilitering

Du får oppfølging av eit tverrfagleg team i Avdeling for rusmedisin, LAR. Dette består av behandlar, lege og psykolog. Du vil bli tildelt ein behandlar som er hovudkontakten din.

Før oppstart vil me i samråd med deg vedta kva LAR-legemiddel du skal bruka, og det vil bli utarbeidd ein plan for oppstart som følgjer tilrådingar i Nasjonal retningslinje for legemiddelassistert rehabilitering ved opioidavhengnad.Måldosen er individuell, og blir vedteken av LAR- lege i samråd med deg. Nokre gonger blir det vurdert nødvendig med innlegging i samband med oppstart.

Prevensjon

LAR legemiddelet vil føra til at hormonelle endringar blir normaliserte. Det blir enklare å oppnå graviditet.Det blir tilrådd i Nasjonal retningslinje for gravide i LAR at par som ønskjer barn ventar med det til behandlinga og rehabiliteringa i LAR har komme inn i ein god og stabil fase for begge, og at ein inntil då sørgjer for eit trygt prevensjonsmiddel. Kvinna får hjelp av behandlaren sin i LAR for tilvising til gratis undersøking og gratis prevensjon på Kvinneklinikken.

Sist oppdatert 29.11.2023