Avdeling for rusmedisin, seksjon LAR, har det medisinskfaglege ansvaret for Legemiddelassistert rehabilitering i Helse Bergen sitt område.
Gjennom Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) får pasientar med opioidavhengighet enten:
Substitusjonsbehandling med metadon eller
Substitusjonbehandling med buprenorfin.
Pasientane får vanlegvis utdelt sitt LAR-medikament ved eit kommunalt LAR-senter (Bergen kommune), ved apotek, hos fastlege, heimesjukepleie eller i fengsel.
Kva er Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
LAR er rehabilitering av pasientar som er avhengige av heroin og andre opioider. Medikamenta metadon og buprenorfin er sentrale i behandlinga. Dei blir dosert ein gang dagleg og fjernar behovet for heroin. Dei gjer det mogleg for pasienten å bli rusfri og rehabilitert.
Forsking viser at behandling av heroinavhengighet i LAR reduserer dødelegheita og sjukelegheita, og det reduserer kriminell aktivitet. Oppsummert internasjonal forsking viser at LAR er den mest effektive behandlingsmetoden for avhengigheit til opioider.
Ofte samtidig psykisk liding
Mange av pasientane våre har hatt det vanskeleg i livet, også før dei begynte å ruse seg. I tillegg har eit liv i eit rusmiljø påført mange vonde opplevingar. Det er derfor heller regelen enn unntaket at pasientane også har ei psykisk liding, som angst eller depresjon.
Ofte samtidig kroppsleg liding
Mange har erfaring med å injisere rusmiddel og kan ha pådratt seg kroppslege sjukdommar som hepatitt C. I LAR har vi fokus på samtidig behandling av både ruslidingane, dei psykiske lidingane og dei kroppslege sjukdommane.
Ofte utfordringar knytt til bustad og økonomi
I tillegg har pasientane ofte ein vanskeleg bustadsituasjon og dei har store økonomiske utfordringar. Dei har gjerne mista sitt rusfrie nettverk. Alle desse faktorane verkar saman.
For å hjelpe pasienten i rehabiliteringsprosessen er det derfor svært viktig å ha god samhandling med det kommunale hjelpeapparatet, som sosialteneste og kommunale butilbod. Samhandlinga skjer i ansvarsgrupper kor også fastlege deltek.
Langvarig behandling og oppfølging
Avhengigheit til opioider er ein kronisk sjukdom som krev langvarig oppfølging. Pasientar i LAR er til behandling i spesialisthelsetenesta i heile behandlings- og rehabiliteringsforløpet.
Overvåka inntak og urinprøver i starten
I starten av behandlinga står også kontrollaspektet sentralt. Medikamenta metadon og buprenorfin er sterkt avhengigheitsskapande og det er viktig å motverke at dei kjem på avvege. Nokon av pasientane har erfaring med å injisere illegalt erverva metadon eller buprenorfin.
Derfor må pasientar som startar i LAR møte dagleg for overvaka inntak av LAR–medikament dei første månadene av behandlinga . Det skal også avleggast overvaka urinprøver som bidreg til å sikre ei forsvarleg behandling.
Mindre kontroll ved betra rusmeistring
Etter kvart som pasienten viser betra meistring i bruk av rusmiddel og får avstand til rusmiljøet vil det bli opna for at dei ikkje lenger må møte opp dagleg, men dei kan få nokre dosar av medikamentet med seg heim.
Dette er i tråd med Helsedirektoratet sitt «normaliseringsprinsipp» for LAR. Pasientar som er rusfrie og jobbar aktivt med eiga rehabilitering skal få anledning til å leve eit mest mogleg normalisert liv med sitt LAR – medikament.
Fakta om metadon
- Syntetisk framstilt opioid, som første gang vart syntetisert i Tyskland i 1939.
- Opioidreseptor fullagonist.
- Første gong teken i bruk i substitusjonsbehandling ved opioidavhengigheit i USA i 1963.
- Hø gasteplasmakonsentrasjon: 2-4 timar etter inntak.
- Gjennomsnittleg halveringstid: 24 timar (13-50 timar).
- Anbefalt dosering: 60-100 mg per dag, nokre gonger inntil 120 mg dagleg.