Rusmedisin Floen Bergen

Avdeling Floen Bergen er Floenkollektivet sin vidareføringsfase (fase 3). Avdelinga har plass til 9 elevar og er døgnbemanna. 6 tilsette bur ved avdelinga etter «medleverturnus».

Oppmøtestad

Elevane og dei tilsette held til i ein bustad på Laksevåg i Bergen. Adressa til Avdeling for rusmedisin er Østre Murallmenning 7, Bergen.

Leiar

Seksjonsleiar Aase Frammarsvik

Dagtilbod

I fase 3 skal alle ha eit dagtilbod, eller jobbe aktivt kvar dag for å få dette på plass saman med «Jobb først».

Ansvar innan trygge rammer

Ein har ansvar for eige hushald både praktisk og økonomisk. Men stadig innan dei trygge rammene døgnbemanna avdeling tilbyr.
Gruppe- og individualbehandling har fokus på korleis bli integrert i storsamfunnet. I Floen Bergen blir det sett større krav til den enkelte om å delta på ulike aktivitetar, jobbe aktivt med å bygge opp eit godt sosialt nettverk utanfor Floen, samtidig som ein brukar fellesskapet som redskap for å gje nødvendig tryggleik til å meistre utfordringane den enkelte står ovanfor.
Varigheit: Ca. 10-14 månader. Inkluderer ofte ei overgangsfase med treningsturar til eiga leilighet.