Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
bygning

Korttidspost Martens

Korttidspost Martens har ein korttidspost med 10 sengeplassar for både menn og kvinner. Posten ligg i rolege omgjevnader i Sandviken. Vi tilbyr avrusning og tidleg stabilisering. Posten tek i hovudsak imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp (ØH).

Vi tilbyr eit breitt tilbod for menn og kvinner som treng avrusning og stabilisering.


Vi gir behandling som kan inkludere:

  • Abstinensbehandling og medisinsk nedtrapping
  • Stabilisering og miljøterapi
  • Treningsterapi 
  • Psykologisk oppfølging

Vi legg stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmestring for å sikre ei heilskapleg behandling.

Tvang ved Martens

Slik finn du fram

Martens, Sandviken

Hatleveien 7D

Dr. Martens - Bygg 16, Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Du kan bruke bussar som går på E39/motorvegen til og frå Åsane.

Dersom du reiser frå Bergen sentrum:
Gå av ved busstoppet Handelshøyskolen. Ta Øyjordsveien ved SPAR Øyjorden. Følg vegen 100 meter. Ta til høgre og følg Hatleveien 500 meter, til enden av vegen.

Dersom du kjem frå Åsane/Bergen Nord:
Gå av ved busstoppet Handelshøyskolen. Bruk gangbrua over motorvegen og følg gangstien til Øyjordsveien. Ta til høgre og følg Hatleveien 500 meter, til enden av vegen.

Besøkende kan få parkeringsbevis ved å registrere sitt reg.nr. i resepsjonen/hovedinngangen.

Praktisk informasjon

​Vi har dessverre ingen kantine eller kiosk til besøkande på poliklinikken. Nærmaste butikk er SPAR Øyjorden. 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.