På Seksjon Askøy har vi 2 postar:
Stabilseringsposten
Stabiliseringsposten på Askøy er ein behandlingspost med inntil 13 plassar. Som pasient på Stabiliseringsposten møter du eit tverrfagleg behandlingsteam.
Her tilbyr vi hjelp til stabilisering etter avrusing frå legale og illegale rusmiddel, og alkohol. Nokon gonger kan ein kome til Stabiliseringsposten for å forebygge tilbakefall.
Målsetting for behandling av problematisk rusmiddelbruk kan variere. Dei fleste ønskjer å avbryte uheldige rusmønster. Hensikta med behandling er å setje i gang gode endrings- og utviklingsprosessar.
Det er poliklinisk behandlar, fastlege, NAV, Avrusningsposten eller andre deler av spesialisthelsetenesta som tilviser til oss.
Mannsposten
Mannsposten på Askøy er ein behandlingspost med inntil 12 plassar. Som pasient på Mannsposten har du dagleg tett kontakt med eit tverrfagleg behandlingsteam. Behandlinga består blant anna av individuell oppfølging, gruppeterapi, fysisk aktivitet og daglege gjeremål.
Det er poliklinisk behandlar, fastlege eller NAV som kan tilvise til oss.