Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Engenhuset

Flytting til nye lokale

Avdeling for rusmedisin (AFR) flyttar fleire av seksjonane sine til nye lokale i Engenhuset i sentrum, Håkonsgaten 1. Dei nye lokala vil huse både avdelinga si forskingseining, kompetansesenteret KoRus Bergen og fleire behandlingseiningar. Alle einingane flyttar inn i løpet av november og desember.

Publisert 16.10.2024
Sist oppdatert 18.11.2024

Seksjonar som flyttar: Seksjon forsking, Heroinassistert behandling (HAB), KoRus Bergen (Kompetansesenter rus),  Ambulant seksjon, Poliklinikk Kanalveien og Seksjon Skuteviken.

 

En bygning med kran

 

Flyttedatoar:

Rusmedisin seksjon forskning: måndag 18. november

Heroinassistert rehabilitering (HAB): onsdag 20.november

KoRus Bergen: måndag 25. november

Rusmedisin Ambulant seksjon: onsdag 27. november

Rusmedisin Poliklinikk Kanalveien: torsdag 28.og fredag 29. november

Rusmedisin seksjon Skuteviken: måndag 2. desember

Frå og med 2. desember skal alle timeavtalar for pasientar ved alle seksjonane som har flytta, finne stad i dei nye lokala.

Pasientar blir bede om å møta opp i Håkonsgaten 1, der pasientar som skal til døgn melder seg i resepsjonen i første etasje. Pasientar som skal til poliklinikk melder seg i resepsjonen i andre etasje.

HAB har eigen inngang på same side som hovudinngangen (Håkonsgaten), men lengre bort mot Engen (kino, Scandic).

Flyttinga til Engenhuset vil samle fleire av AFR sine tilbod under eitt tak, noko som er forventa å betre samhandlinga og gjere det lettare for pasientar å navigere mellom dei ulike tenestene.

7500 kvadratmeter er ferdig rehabilitert, og alt av infrastruktur i bygget er nytt. Over 9 etasjer skal huset inneholde:

  • 24 sengeplasser – fordelt på to poster  
  • Poliklinikk  
  • Forskning- og kompetansesenter for rus 
  • Heroinassistert behandling 

For meir informasjon om flytteprosessen eller avtalane dine, kan du kontakte behandlingseininga di direkte.

Engenhuset

Slik finn du fram

I Engenhuset som ligg i Håkonsgaten 1, finn du Rusmedisin Ambulant, Rusmedisin Poliklinikk Engenhuset (tidlegare Rusmedisin Poliklinikk Kanalveien), Korttidspost Engenhuset (tidlegare Rusmedisin Skuteviken), Heroinassistert rehabilitering, Rusmedisin AFR si forskingseining og kompetansesenteret KoRus Bergen. Pasienttilbodet inkluderer ambulant oppfølging, poliklinisk behandling og avrusning.
Engenhuset
En bygning med en stor dør