Ved temporalisbiopsi tar ein ut ein liten del av tinningpulsåra (ein biopsi) for vidare undersøking. Om ein har temporalisarteritt vil ein kunne påvise betennelse i blodåreveggen.
Endringane i tinningpulsårene er ofte spreidd utover med normale område imellom. Det er derfor nødvendig at biopsien er 1-2 cm lang for å auke sjansen for å treffe eit område som er betent.
Når er det aktuelt å utføre temporalibiopsi
Temporalisbiopsi blir tatt som ledd i utreiinga ved mistanke om betennelse i tinningarterien (Temporalisarteritt)
Korleis skjer inngrepet
Inngrepet skjer i lokalbedøving (same bedøving som vert nytta hos tannlegen) og vert gjort ved augeavdelinga på Haukeland sjukhus. Inngrepet tek opp til ein time. Prøva vert tatt frå den sida der pulsåra verker mest betent.
Om det ikkje er synlege teikn til betennelse tek ein prøve frå den sida der pulsåra er lettast å kjenne. Nokre gonger bruker ein og ultralyd av tinningpulsåra for å finne kva del av pulsåra som er best eigna å ta prøve frå.
Ofte må ein barebere vekk litt av håret i tinningregionen for å få betre tilgang til tinningpulsåra. Ved sjølve inngrepet vert det opna opp inn til pulsåra og ein liten del av åra vert fjerna og sendt til vidare undersøking.
Det er vanleg å vere litt øm i tinningen dei første dagane etter inngrepet. Stinga etter prøva kan fjernast hos fastlege etter 1 veke.