Korleis vert kapillaroskopi brukt ved Revmatologisk avdeling?
Kapillaroskopi vert oftast brukt til å undersøkje pasientar med « likfingre» (Raynauds fenomen), og til å undersøkje og følgje opp pasientar kor ein mistenkjer revmatisk bindevevssjukdom.
I dei aller fleste tilfelle førekjem Raynauds fenomen utan annan sjukdom, men symptomet kan i enkelte tilfelle og vere eit av teikna på revmatisk bindevevssjukdom. I så fall vil ein ved kapillaroskopi kunne sjå ulike endringar i dei små blodårene i forhold til kva ein ser normalt.
Korleis skjer undersøkinga?
For å få best mogleg resultat er det viktig at fingrane er varme før undersøkinga byrjar. Ein må difor vere i romtemperatur i minst eit kvarter før undersøking. Det er og viktig å ikkje røyke siste timen før undersøkinga, då dette kan føre til samantrekning av dei små blodårene og gjere undersøkinga vanskelegare. Likeins bør ein unngå å ha på seg neglelakk då dette gjer innsynet dårleg.
For å få best mogleg kontakt har ein olje i neglesengene. Desse vert så undersøkt med eit lite mikroskop og bileta overført til ein dataskjerm. Undersøkinga tek rundt 20-30 minutt og er ikkje smertefull.