Norsk akademi for habiliteringsforskning

Føremålet med Norsk akademi for habiliteringsforskning er å styrke kvaliteten på tenesteytinga gjennom auka fokus og satsing på forsking i habiliteringsfeltet.

Norsk akademi for habiliteringsforskning (tidlegare Nasjonalt forskningsnettverk innen habilitering) arrangerer forskingskonferanse på Gardermoen 26. oktober 2017.

Iormasjon om forskingskonferansen

Presentasjonar frå konferansen 26. oktober 2017

Forskingsnettverket har følgjande målsettingar:

  • skape ein nasjonal møteplass der pågåande forsking innan habilitering kan bli presentert og synliggjort.
  • vere ein arena for kontakt mellom fagpersonar som driv med forsking innan habilitering.
  • vere kontaktpunkt mellom nasjonale og internasjonale forskingsmiljø
  • vere pådrivar for formidling av forskingsresultat
  • stimulere til prosjektutvikling og prosjektsamarbeid gjennom årlege møter i forskingsnettverket

Nasjonalt forskningsnettverk innen habilitering ble i 2012 og 2013 leia frå Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Vest. I 2014 og 2015 frå Helse Nord, og i 2016 og 2017 frå Helse Sør-Øst. I 2015 skiftet nettverket navn til Norsk akademi for habiliteringsforskning.

Overlege, PhD Kjersti Ramstad, OUS,  representerar Nasjonalt forskingsnettverk innan habilitering i EACD - European Academy of Childhood Disability.