På nyåret skal vi opprette brukerpanel ved ReHabiliteringsklikken. Er du engasjert og har ei meining om oss og pasienttilbodet vårt ønskjer vi at du les vidare!
Om oss:
ReHabiliteringsklinikken sitt tilbod gjeld både fysikalsk medisin, rehabilitering og habilitering for vaksne. ReHabiliteringsklinikken er i dag lokalisert på Breistein og Nordås, men vil i framtida vere samlokalisert på Nordås
Vi har 33 døgnplassar og eit variert poliklinisk tilbod.
Sjå meir om oss og dei ulike tilboda våre her:
ReHabiliteringsklinikken - Helse Bergen (helse-bergen.no).
Tilboda våre er i stadig utvikling og vi ønsker oss eit brukerpanel for å jobbe enno betre med tenesteutvikling.
Vi ønskjer kontakt med deg som
- liker å tenke nytt
- har interesse og engasjement for fysikalsk medisin, rehabilitering eller habilitering
- er noverande/tidlegare pasient eller pårørande hos oss
- liker å delta i møter og diskusjonar
Om brukerpanelet
Som medlem i brukerpanelet vil du ha ei viktig stemme i spørsmål som gjeld tenesteutvikling, forbedringsarbeid, forskning, og kvardagen i klinikken ellers.
Brukerpanelet vil bestå av seks til åtte personar og møtast om lag fem ganger i året. I tillegg vil du saman med ein annan brukerrepresentant kunne få tildelt enkeltoppgåver etterkvart som det vert aktuelt. Deltaking i brukerpanelet gjeld for to år om gangen. Du vil få tilbod om opplæring. Som brukerrepresentant vil du få honorar etter gjeldande satsar i Helse Bergen.
Helse Bergen har eit pågåande arbeid for å styrke korleis vi jobbar godt og systematisk med brukermedverknad. Eit brukarpanel ved ReHabiliteringsklinikken vil involverast i det overorda arbeidet med brukarmedverknad, mellom anna ved felles opplæringssamling og felles møtearenaer. Les gjerne meir om brukarmedverknad i Helse Bergen her:
Brukarmedverknad - Helse Bergen (helse-bergen.no).
Vekker dette engasjementet ditt?
Då vil vi gjerne høyre frå deg. Send oss nokre ord om kven du er og kvifor dette er noko du ønsker å bidra med. Send ein kort tekst til
torunn.haugen@helse-bergen.no Alle som melder seg vil få ei tilbakemelding innan midten av februar.