Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Arktiekttegning av Nye Rehabiliteringsklinikken på Nordås

Forprosjekt utviding av ReHabiliteringsklinikken

Lokala til ReHabiliteringsklinikken på Nordås er ikkje godt nok tilpassa dei pasientane dei tek i mot i dag. Dagens pasientgruppe har behov for medisinsk behandling samtidig med sjukehusrehabilitering. Pasientane i dag er mykje sjukare enn den gruppa bygget opphaveleg var planlagt for.

For Helse Bergen er prosjektet på Nordås eit tilbod som skal vere framtidsretta og eit bærekraftig knutepunkt. Det vil bli eit senter for intensivert og høgspesialisert habilitering og fysikalsk medisin og rehabilitering i Helse Vest. Nye og moderne lokalar (nye og eksisterande) legg til rette for eit høgkompetent fagmiljø, leiande innan behandling, samhandling, forsking, kompetanseutvikling og teknologi.

Bygningsmassen og det tekniske anlegget skal representere eit helsefremjande bygg. Heile konseptet, både med tanke på prosjektering og byggemetodikk, skal ta omsyn til pasientgruppas spesielle behov og utfordringar, samt tilstrebe og støtte overordna klima og miljøføringar med tanke på prosjektets totale CO2 fotavtrykk i alle ledd. Både i byggje,- og driftsfase.

Les konseptrapporten

Kva er bakgrunnen for nytt bygg?

Byggeprosjektet  skal etablere eit sengebygg tilpassa dagens pasientar på Nordås. Eksisterande bygningar på Nordås var opphaveleg tilpassa ei anna pasientgruppe enn dei som i dag er innlagt ved ReHabiliteringsklinikken. Dagens pasientgruppe har behov for medisinsk behandling samstundes med spesialisert sjukehusrehabilitering i tidleg fase. Pasientrom og areal i eksisterande eining er ikkje tilpassa alvorleg sjuke pasientar, med behov for spesialisthelsetenester.

Forutan lokale som ikkje er tilpassa drifta, har verksemda vakse ut av eksisterande lokalar på Nordås. Det er tatt i bruk to brakkar på Nordås og to av einingane i ReHabiliteringsklinikken er lokalisert utanfor Nordås; på Nesttun og Breistein.

Spreidd lokalisering og ein bygningsmasse som ikkje er tiltenkt dagens bruk, gjev utfordringar både med omsyn til drift av verksemda og helse, miljø og sikkerheit for pasientar og medarbeidarar.

Helse Bergen får med ei utviding eit fullverdig bygg for døgnpasientar, og vert eit tyngdepunkt for spesialisert rehabilitering og habilitering. Nybygget legg til rette for samlokalisering av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AMFR), Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. 

Kva er forventa framdrift?

Forprosjektet starta opp i august 2020 og skal ferdigstillast våren 2021. I forprosjektet er det fokus på detaljkartlegging og følgande tema har særleg fokus: Overordna planløysing, pasientrom, arbeidssoner og framtidas rehabiliteringssjukehus og teknologi.

Framdrifta vil vere avhengig av kor godt og raskt vi klarer å jobbe med tenesteutvikling og organisasjonsutvikling som eit heile. Det er viktig å sjå drifta og bygget i ein samanheng. Det vil bli ein spennande fase framover med behov for nytenking og godt samarbeid på tvers i klinikken.

Kva betyr utviding av ReHabiliteringsklinikken for pasientane våre?

Habiliterings- og rehabiliteringstilbodet til pasientar med medisinske behov og komplekse funksjonsnedsettelsar vil bli styrka.  Eit nytt bygg med full sjukehusstandard vil gje redusert behov for overflyttingar frå Nordås til andre kliniske avdelingar i Helse Bergen. Prosjektet har og ei målsetning om å ta i bruk nye teknologiske løysingar som vil styrka brukarmedverkinga.

Å samlokalisere alle einingane i ReHabiliteringsklinikken vil gje eit betra grunnlag for å vidareutvikle og effektivisere tenestene. Ein vil vere betre rusta til å møte framtidige krav til spesialisering av tenestene, effektivitet og lik tilgang til habilitering og rehabilitering for vaksne i føretaket.

Kva vil utviding av ReHabiliteringsklinikken bety for våre tilsette?

Dei tilsette har i dag ein arbeidsplass som ikkje er godt nok tilrettelagt for dei tenestene dei tilbyr. For store avstandar og lokale som ikkje opphavleg er tilrettelagt for pasientgruppa, gjer arbeidsdagen deira tidvis utfordrande. Ferdigstilling av prosjektet vil ha stor innverknad på arbeidsdagen for dei tilsette. Dei vil få ein forbetra tilrettelegging i bygget for døgnpasientar, minska avstandar og meir tilgjengelege behandlingslokale, teknologi og anna infrastruktur.

Samlokalisering av alle einingane vil auka kompetanseutveksling og utvikling på tvers av fag og profesjon og sikre heilskapleg tilnærming til klinikken sitt fagfelt. Prosjektet har høg fokus på arealutforming som støtter opp under ein god logistikk og legg til rette for ein felles arbeidskultur ved å samle kontorarbeidsplassar og personalrom.

Sist oppdatert 09.03.2021