Bevissthet og kognitiv funksjon - traumatisk hjerneskade

​​​​Koma

Pasientar i koma har augene lukka og responderer ikkje på kommandoar. Koma varer i minst ein time, og tilstanden kan vare mellom to til fire veker. Etter koma vil pasienten vakne eller gradvis gå over til ein tilstand der dei ikkje responerer  "Ikkje responsive tilstand  eller til ein minimalt bevisst tilstand".

Ikkje-responsiv våkenhetssyndrom

Nemninga ikkje responsive våkenhetssyndrom  vert nytta for å skildre ein som er vaken, men som ikkje har bevisstheit om seg sjølv eller omgjevnadene sine. Ein ikkje-responsiv person vil kunne opne auga, vise eit mønster for søvn – og det å vere vaken og reagere med basale refleksar. Slike refleksar vil til dømes være blunking ved høg lyd, eller tilbaketrekking av handa ved smerte. Desse pasientane viser ikkje meiningsfylte responsar på sensorisk eller kognitiv stimulering. Dei følgjer til dømes ikkje ein gjenstand med blikket, og dei utfører ikkje handlinga når ein ber dei om dette.

Minimalt medviten tilstand

Nemninga "minimalt bevisst tilstand" skildrar ein person som viser varierande, men sikre teikn på bevisstheit om seg sjølv eller omgivnadene sine. Denne nemninga vert brukt dersom pasienten kan følgje ein kommando, som til dømes å konsekvent flytte på ein finger når ein blir oppfordra til det.​

Post-traumatisk forvirringstilstand (PTF)

Alvorlig traumatisk hjerneskade er karakterisert av en eller anna form for bevisstheitsforstyrrelse. Pasientar som får tilbake evna til å respondere på miljøet gjennomgår ofte ein fase der dei er forvirra, desorienterte, har reduserte kognitive evner og adferdsvanskar. Denne fasen vert kalla post traumatisk forvirringstilstand (PTF). PTF er en forbigående tilstand som kan vare i minutt, timar, dagar, veker eller månader.

Kognitiv funksjon

Kognisjon betyr å oppfatte, forstå og vite. Kognitiv funksjon omfattar prosessen omkring korleis ein  oppfattar, lærer og tenker. Kognitiv trening er retta mot å betre forståelse og planlegging av handling. Kognitiv stimulering kan være alt fra å konsentrere seg om å lytte til ei historie, å følge med på kalenderen eller å spille kort. Dei pårørande kan ha stor innflytelse på denne prosessen.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.