Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Etter traume og alvorlege hendingar - reaksjonar

Her finn du litt informasjon om van­lege og forventa ­reaksjonar som kan komme etter alvor­lege hendingar, og ei oversikt over dei tilboda vi har til deg som pasient eller pårørande.

​Informasjon om pasientens helsetilstand

Som pasient eller pårørande vil du først og fremst bli følgd opp av sjukepleiar og lege på den avdelinga du høyrer til. Dersom du har spørsmål om skaden/sjukdommen, behandling, eller plan for vidare oppfølging, skal du ta kontakt med sjukepleiar. Sjukepleiaren vil kunne gje deg nødvendig informasjon, eller ta med spørsmåla dine til legen som vil kunne gje deg eit svar. 

Tilbod til pårørande

Av og til kan det vere behov for litt annan informasjon og hjelp. 

    
Prestetenesta har lang og god erfaring og kompetanse i å samtale med menneske i kriser og krevjande livssituasjonar, og tilbyr samtale med pasientar og pårørande, uavhengig av livssyn eller kva trussamfunn ein er knytt til.  Kontakt med prestetenesta blir formidla av personalet på avdelinga pasienten høyrer til, eller ein kan ringe sentralbordet på sjukehuset. 

 
Sosionomtenesta arbeider for å ivareta ­pasientar og pårørande sine behov og interesser. ­Skade/sjukdom kan føre med seg utfordringar og ­endringar i livssituasjonen. Sosionomen kjenner godt til dei ulike tilboda og arbeider for å ivareta pasientar og pårørande sine behov og interesser. Pasient som er innlagt på ein sengepost, ved dagavdeling eller poliklinikk kan be om samtale med sosionom. Dette gjeld også pårørande til pasientane. Ta kontakt med personalet på avdelinga/poliklinikken og be om tilvising til sosionom.
 
Konsultasjonstenesta for barn og unge består av psykologspesialistar og barnepsykiater. Dei kan tilby samtale med barn og unge (0-18 år) som har alvorlege krisereaksjonar og/eller strever med å meistre oppgåver på grunn av kronisk eller livstrugande sjukdom. Ved behov for oppfølging frå andre hjelpeinstansar kan tenesta bistå med å opprette kontakt. Lege på avdelinga der barnet høyrer til, kan tilvise til Konsultasjonstenesta.
  
Lokale kriseteam
Kommunar i Noreg har ulike hjelpetilbod til sine innbyggjarar som blir råka av kriser og katastrofar, for eksempel ved samlivsbrot, ulykker, brå død og sjølvmord i sine nære omgjevnadar. Personalet på avdelinga kan formidle kontakt med lokalt krise­team, eller du kan sjølv ta kontakt med din kommune, eventuelt via lokal legevakt.

 
Barn som pårørande
Når mor, far eller søsken er alvorleg skadde eller sjuke, har det innverknad på barna og familie­livet. Helsepersonell har plikt til å ivareta barn sine behov for informasjon og oppfølging når foreldre eller søsken er sjuke. Spør gjerne sjukepleiar på avdelinga dersom du har spørsmål om avdelinga sine rutinar for oppfølging av barn som pårørande.

Reaksjonar etter ei alvorleg hending

Mange veit lite om kva reaksjonar som er ­vanlege etter å ha vore utsett for ei alvorleg hending. Når ein kjenner til kva reaksjonar ein normalt kan forvente, blir det ofte lettare å ­akseptere både reaksjonar hos den som er skadd og dei som står den skadde nær. Når ein kjenner til dei store påkjenningane den eller dei har vore utsett for,  forstår ein og at reaksjonane dei har er naturlege.
Pårørande eller andre som ikkje sjølv var utsett for hendinga, kan av og til bli urolege på grunn av dei sterke reaksjonane som kjem. Informasjonen som er skriven her, rettar seg derfor både til den som har vore utsett for hendinga og pårørande eller andre i nær relasjon til dei som er råka av hendinga. 

 

For den som har blitt utsett for ei alvorleg hending, er det normalt å reagere slik det er ­beskrive her. Vanlegvis blir reaksjonane svakare etter kvart som ein får tid til å tenke over, forstå og bearbeide det ein har vore utsett for. Minna vil komme sjeldnare etter kvart– og bli mindre plagsame enn dei var i byrjinga. 

 
Akutt reaksjon – uverkelegheit
I den første tida etter hendinga, har mange ei kjensle av uverkelegheit. Ein veit at hendinga har skjedd, men den kjennest likevel uforståeleg ut. Mange beskriv ei kjensle av indre tomheit og kjenslemessig «nummenheit». Det kan av og til vere vanskeleg å hugse vesentlege delar av det som hende. Men etter kvart som tida går blir heile forløpet i hendinga tydelegare, og då kjem ofte dei sterkaste reaksjonane.

 
Påtrengande minne/bilde
Det er vanleg at ein i tankane vender tilbake til det som hende, uansett om ein vil eller ikkje. Minne i form av syner/bilete kan opplevast så verkelege, at ein kan få ei kjensle av å vere tilbake i hendinga igjen. Slike påtrengande minne kan komme ­tilbake i både vaken og sovande tilstand – og ikkje sjeldan akkurat i overgangen mellom søvn og vaken. 

 
Indre uro og sårbarheit
Ei sterk indre uro og kjensle av sårbarheit er vanleg. Desse kjenslene kan bli sterkare og meir plagsame i ei tid framover, parallelt med at ein i minnet gjenopplever det som hende. Det kan ofte vere vanskeleg å ikkje tenke på dei ubehagelege opplevingane ein har hatt.
Den indre uroa kan føre til at ein blir rastlaus, får problem med å sitte stille og konsentrere seg. ­Nokre blir meir utolmodige og irritable enn dei elles plar vere. Andre kan får problem med i det heile tatt å gjere noko som helst.

 
Ulike kroppslege reaksjonar
Det er vanleg og naturleg å ha kroppslege reaksjonar som skjelvingar, sveittetokter, hovudverk, svimmelheit og ei kjensle av å skulle svime av, appetittmangel, trøytte eller spenningar/smerte i musklar – fram for alt i bryst, skuldrer og nakke. 

 
Katastrofekjensle
For mange blir tryggleiken i livet rasert når ein har blitt utsett for ei alvorleg hending. Ein del opplever at ein blir meir vaktsam, ein skvett ved kvar minste lyd. Den ubehagelege kjensla av uro og redsle kan etter kvart føre til at ein blir redd for på ny å blir utsett for noko katastrofalt eller ­ubehageleg, eller at nokon i familien skal blir sjuke eller døy. Hos barn merker ein dette mest ved at dei blir meir «klengete» og har eit større behov for nærleik.

 
Søvnproblem og mareritt
Det kan vere vanskeleg å sove – og rett før ein sovnar kan dei ubehagelege minna dukke opp i tankane. Søvnen blir uroleg og det er ikkje uvanleg å vakne ofte og tidleg. Nokre opplever at hendinga blir gjenteken i form av mareritt – eller mare­ritta kan handle om andre trugande ­situasjonar enn dei ein sjølv har opplevd. Det er mange si erfaring at ein blir mindre plaga av søvnløyse og mareritt med tida. Det kan hjelpe å snakke med nokon om det som har hendt. Søvnproblema plar og å avta når ein får betre grep om det ein faktisk har blitt utsett for. 
Dersom søvnen held fram med å vere svært dårleg over lengre tid, kan ein bli sliten og irritabel. Det kan då vere verdt å vurdere å få noko å sove på. Men det er viktig å syne varsemd når det gjeld bruk av sovemiddel. 

 
Overlevingsangst og skuldkjensle
For nokre kan det kjennest svært ubehageleg å sjølv ha overlevd og kanskje klart seg uskadd, ­medan familiemedlemmer, venner eller kollegaer har blitt skadde eller omkomne i hendinga. Dette kan føre til skuldkjensle, og at ein ikkje tillèt seg sjølv å vere glad og letta over at ein sjølv har overlevd og ikkje blitt skadd. Kjensle av skuld kan og kome i samanheng med at ein har vore vitne til ei alvorleg hending, og seinare for eksempel byrjar å gruble på om ein kunne gjort noko for å forhindre hendinga. 

 
Forholdet til andre blir påverka
Sinne og irritasjon er vanlege reaksjonar. Sinnet kan og rette seg mot nære og kjære utan at ein meiner det, noko som igjen forsterkar skuld­kjensla. Nokre kjenner behov for å trekkje seg unna og vere åleine, medan andre ikkje klarer einsemda – dette då dei blir heilt overlatne til sine eigne tankar og kjensler. 

 
Spørsmål om meininga med livet
Når ein har vore utsett for ei alvorleg og vanskeleg hending, er det svært vanleg at ein byrjar å ­fundere over mål og meining med livet. Ofte gjer ein nye vurderingar av det ein tidlegare oppfatta som sjølvsagt.

 

Her er tiltak som vi av erfaring veit kan hjelpe deg  vidare etter ei alvorleg hending. 

 
Snakk med andre
Snakk med dine næraste, men gjerne og – om mogleg – med andre. Det kan for eksempel vere folk som har blitt utsette for same hending. Sjølv om det er vanskeleg å fortelje, og du opplever at kjenslene «rivst opp att", er det likevel oftast eit gode, og av og til heilt nødvenig, for å kome seg gjennom opplevinga på ein god måte. 

Ved å  gå gjennom hendingafleire gonger i samtale med andre, får ein betre grep om det som hende, og dermed blir ein mindre plaga av mareritt og påtrengjande minne. Nokre har også stor nytte av å skrive ned eigne minne og tankar rundt det som hende.

 
Besøk staden der det skjedde
Nokre kan bli redde for å besøke staden der den alvorlege hendinga skjedde. Det er då ofte til hjelp å vende tilbake til staden som vekker uro/redsle, helst så raskt som mogleg, saman med nokon ein kjenner seg trygg på.

 
Barn og ungdom
Barn og ungdom har ikkje same evne som vaksne til å tolke eller forstå opplevingane sine i samband med ei alvorleg hending. Det vil vere til god hjelp for dei at:
  • vaksne er tilgjengelege for spørsmål og ­undringar
  • vaksne fortel om det som hender og har hendt
  • dei kjem raskt tilbake til kvardagslege rutinar og vanlege aktivitetar
  • vaksne gjer morosame ting saman med dei

 
Det er bra med aktivitet og arbeid
Fysisk aktivitet er ein bra måte å handtere indre stress på. For dei aller fleste er det og ein klar fordel å komme tilbake i arbeid så raskt som mogleg. Det er ofte ein god måte å vende tilbake til kvardagen igjen. Still likevel lågare krav til deg sjølv og arbeidskapasiteten din den første tida. 

   
Søk hjelp i tide
Av ulike grunnar kan reaksjonane bli så sterke, så plagsame og så langvarige, at ein ikkje kjem i gang med sitt normale liv igjen. Ta då kontakt for å få hjelp. Best er det om du tar kontakt med fastlegen din først. Dersom du skulle ha behov for meir ­spesialisert hjelp, kan du drøfte det med legen din.

 
Meir informasjon
www.traumepasient.no er ei brukarside for ­pasientar og pårørande av skadde. Der er informasjon om kva som skjer gjennom heile behandlingskjeda frå skadestad til rehabilitering. Her viser ein og til instansar som er nyttige for både pasientar og pårørande. 
Pårørendesenteret.no ​er ein nettstad for deg som er pårørande. Her finn du kunnskap, tips og råd, historier frå andre pårørande, og oversikt over rettigheiter og hjelpetilbod. 
 
 

Søk hjelp, snakk med andre 

få hjelp


 
Sist oppdatert 23.10.2023