Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
To forskere som ser på en Pet maskin

PET/MR av brystkreftpasientar – betre diagnostikk og betre behandling?

Radiologisk avdeling ved Senter for nukleærmedisin/PET (PET-senteret) og Brystdiagnostisk senter (BDS) samarbeider med kreftavdelinga for å utvikle betre diagnostikk for brystkreftpasientar som får neoadjuvant behandling.

Den best mogelege behandlinga for den enkelte pasient krev gode undersøkingsverktøy for å kunne vurdere om behandlinga faktisk verkar slik den er tenkt.

Vi ønskjer difor å undersøke om eit nytt PET-sporstoff saman med PET/MR kan gi informasjon om kreftsvulstens eigenskapar og korleis svulsten responderer på ei gjeven behandling, for å kunne vurdere behandlingseffekten hos brystkreftpasientar.

Prosjektet skal undersøke studiepasientane med ein PET/MR-maskin med ein dedikert PET/MR-brystspole. Vi ønskjer å samanlikne to ulike PET-sporstoff: radioaktivt glukose (18F-FDG) som er det mest brukte sporstoffet innan PET, med eit anna sporstoff som blir teke opp av ein type celler i svulsten som heiter fibroblastar. Maligne svulstar har ein høgare del av fibroblastar, som er ein viktig pådrivar for utviklinga av svulsten. Vi ønskjer difor å ta i bruk sporstoffet 18F-FAPI, som bind seg til desse cellene, og vi vil kunne lokalisere svulsten og identifisere kreftsvulstens mikromiljø.

Vår hypotese er at vi kan få betre informasjon om kreftsvulstens respons på behandling ved å bruke 18F-FAPI enn eksisterande metodar som MR åleine eller 18F-FDG PET. Kombinasjonen av PET og MR gir også informasjon frå to undersøkingsmetodar samtidig, og kan vise seg å vere eit nyttig verktøy for å betre behandlinga for brystkreftpasientar.

Senter for nukleærmedisin/PET har eigen legemiddelfabrikk med partikkelakselerator (syklotron) slik at senteret kan produsere eigne radiofarmaka etter gjeldande GMP-krav for sikker legemiddelproduksjon.

Prosjektet er delt inn i ulike arbeidspakkar:

Figur arbeidspakker
Figur: arbeidspakkar.

Prosjektet skal gå over ein femårs-periode med oppstart første kvartal 2024, og er forankra i Radiologisk avdeling. Trond Mohn-stiftinga muliggjer prosjektet ved ei tildeling på 4,6 millionar kroner til Radiologisk avdeling.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Prosjektgruppen består av (f.v) mammaonkolog Hanna Dillekås, fysiker Frank Riemer (MMIV), radiokjemiker Tom Christian Holm Adamsen. (fra venstre fremste rad) mammaradiolog og leder BDS Hildegunn Aase, kjemiker Ole Heine Kvernenes, prosjektleder og senterleder PET-senteret Cecilie Brekke Rygh og PET/MR-radiograf Vivian Skjeie. Njål Brekke (fysiker), Andreas Tulipan (nukleærmedisiner) og Torjan Haslerud (nukleærmedisiner) var ikke tilstede da bildet ble tatt. 

Radiologisk avdeling
Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV)
Kreftavdelingen sine nettsider

 

Skikkelse
Trond Mohn Stiftelsen støtter forskningen. 

 

 

Sist oppdatert 21.11.2023