Informasjon til deg som skal til røntgen

På denne sida finn du praktisk informasjon om røntgenundersøking.

Skjelett- og lungerøntgen

Skjelettundersøkingar vert mellom anna utført for å avklare skade eller sjukdom i beinvev. Vidare teke vi kontrollar av beinbrot, proteser og tidlegare forandringar i beinvevet.

Lungerøntgen (røntgen thorax) nyttast til å utrede lungevev, hjarte og lungeskjelett. Lengda på dei ulike undersøkingane varierer, men det vil sjeldan ta meir enn 15 minutt.

For å oppnå best mogeleg kvalitet er det viktig at pasienten er heilt i ro under bildetakinga. 

Kor mange bilete vi tar, er avhengig av type røntgenundersøking. Vi jobbar for å oppnå optimal kvalitet på bileta samtidig som pasienten får så låg stråledose som mogeleg.  

Førebuing til skjelett- og lungerøntgen 

Stort sett treng du inga førebuing til skjelett- og lungerøntgen. Du kan ha på deg vanlege klede. Det er ein fordel å fjerne metallgjenstandar frå området du skal avbilde. Dette kan gjelde BH, ringar, klokke, piercing osv. 

Metallgjenstandar vil syne på bilete og skygge over viktig diagnostisk informasjon.
Det er kun naudsynt å fjerne slike gjenstandar i området du skal avbilde.

Du som får kontrastmiddel 

Kontrastmiddel er eit legemiddel som viser tydeleg på røntgenbilete og betrar framstillinga av blodårer, urinvegssystem og andre organ. Det finst ulike typar kontrastmiddel, nokre er til intravenøs injisering, andre kan drikkast, tilføres via sonde eller sprøytes inn i kroppen i aktuelle områder som til dømes blære eller tarm.

Førebuing til kontrastundersøkingar 

Til kontrastundersøkingar kan det vera noko førebuing, men det avheng av kva organ du skal undersøke. Aktuelle førebuingar skal stå i innkallingsbrevet som pasienten får. Kontrastundersøkingar er vanlegvis meir omfattande enn skjelettundersøkingar, og difor meir tidkrevjande. 

Kan eg ta røntgen dersom eg er gravid? 

Dersom du er gravid og skal til røntgenundersøking, bør du informere og samrå deg med legen som tilviser deg, eller ta kontakt med Radiologisk avdeling på tlf. 55 97 24 00. 

Det vert då vurdert om undersøkinga kan utsetjast eller om det er naudsynt å gjennomføre. 

Statens Strålevern har i samråd med Akershus Universitetssykehus laga ein god informasjonsfilm om graviditet og røntgen. Sjå gjerne denne for meir informasjon. Filmen er 9 minutt og 36 sekunder lang.

 


Kan eg amme etter ein skjelett- eller kontrastundersøking? 

Etter ei røntgenundersøking kan du trygt amme. I følgje Legemiddelhandboka kan amming fortsetje som normalt når kontrastmiddel/jodheksol er gitt til mor. Stråledosen vil heller ikkje ha nokon påverknad for amminga.  

Dersom du er gravid eller ammar bør du unngå bruk av Phosphoral som tømmingsmiddel før eventuell kontrastundersøking sidan risiko av dette er ukjent. Unngå amming av spedbarn 24 timar etter siste inntak av Phosphoral. 

Ha med følge 

Personalet jobbar dagleg med røntgenundersøkingar og må unngå unødig stråling. Derfor forlet radiografen vanlegvis laboratoriet under bildetaking eller nyttar blyfrakk. Pårørande som må vere tilstades i rommet ved undersøking kan også få på ein slik frakk. I utgongspunktet vil kun pasienten sjølv tas med inn i undersøkelsesrommet.

Samarbeid  

Vi freistar samkjøre tidspunkt for røntgentimar med dei ulike poliklinikkane på sjukehuset så sant det er mogeleg.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.