Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilvising til Brystdiagnostisk senter

Brystdiagnostisk senter (BDS) ved Radiologisk avdeling har hovudansvar for utgreiing av brystkreft i Helse Bergen. Vi har tett samarbeid med Avdeling for Bryst- og Endokrinkirurgisk avdeling, Avdeling for patologi og kreftavdelinga. Alle tilvisingar med mistanke om brystkreft skal sendast til BDS («Brystdiagnostikk»).

mammografi pasient personell
For å kunne gjere riktige prioriteringar som sikrar eit raskt og godt tilbod, er vi heilt avhengige av ei grundig klinisk undersøking og gode tilvisingar frå fastlege.


Nye tilviste pasientar

Nye tilviste pasientar må alltid ha fått utført ei klinisk undersøking frå den som tilviser. 
Ved kliniske funn eller funn på bilete vil radiologar ved Brystdiagnostisk senter utføre ein biopsi. 

Dersom det er mistanke, påvist malignitet eller andre funn som krev vidare utgreiing/behandling vil pasienten automatisk bli tilvist til Avdeling for bryst og endokrin kirurgi, Kirurgisk klinikk. 

Pasientar med klinisk mistanke om brystkreft (pakkeforløp) får time innan få dagar. Send elektronisk henvisning til «Brystdiagnostikk».

som ikkje kjem inn under kriteria for pakkeforløp, skal henvisast på samme måte. Målet er kort ventetid også i denne gruppa, og vi prioriterer etter kor sannsynleg mistanken er for kreft.

Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for diagnostikk, behandling og oppfølging av pasienter med brystkreft, 2020

a) Etter operasjon for brystkreft

Pasientar som blir henvist til årleg mammografi-kontroll etter operasjon for brystkreft blir sett opp til årleg mammografi i 10 år utan behov for årleg tilvising. Fastlege skal få tilbakemelding årleg.

NB: Brystdiagnostisk senter ved Radiologisk avdeling utfører berre bildediagnostikk. Etter at Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi har avslutta sine kliniske kontrollar, må fastlegen utføre vidare kliniske kontrollar av pasienten. Ved ny klinikk må fastlegen sende ny tilvising til Brystdiagnostisk senter.

b) Genetisk årsak

Personar som etter anbefaling frå Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin (MGM) blir tilvist for årleg mammografi-kontroll, må stadfesting frå medisinsk genetikk leggast ved første tilvisinga frå fastlegen. Pasientar blir deretter sett opp til mammografi ein gong i året utan årleg tilvising. Fastlege skal få tilbakemelding årleg. Det må sendes ny tilvising ved ny klinikk.

Kategori 3a og 3b blir prioritert og får time eitt år etter førre undersøking, eller innan omlag 3 månader etter første mottatte tilvising frå fastlege.

c) Pasientar mellom 40-50 år, og over 70 år som tilvisast med vag klinisk indikasjon får time til undersøking dersom BDS har ledig kapasitet, nokre veker ventetid må påreknas.

d) Pasientar under 40 år med vag klinisk indikasjon, som til eksempel smerter, vil ikkje bli prioritert i periodar med liten kapasitet, og må rekne med å bli avvist. 


Kvinner i alder 50-69 år utan tumor i mamma får primært mammografi gjennom tilbod om screening, og bør bli oppmoda til å nytte tilbodet. Alder ved første invitasjon vil variere frå 50-53 år, men alle vil få 10 invitasjonar. 

BDS driftar Mammografi-programmet i Helse-Bergen som inviterer alle kvinner i alder 50-70 år til mammografi-screening kvart anna år. Vi har no ikkje kapasitet til å ta mammografi utanom Mammografiprogrammet på pasientar som ønsker mammografi-screening utan klinikk.

Pasienter som ikkje vert invitert til Mammografiprogrammet må nytte private tilbod med høgare eigenandel om det er ønske om mammografi. 


Kontaktinformasjon

Telefon​

55 97 40 00

Tilvisinga sendast til:

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Brystdiagnostisk senter
Postboks 1400
5021 Bergen

Ver vennleg å bruke fullt 
namn på senteret, ikkje berre 
forkortinga «BDS».​


Sist oppdatert 06.07.2023