Avdelinga undersøker om lag 9000 pasientar i året, både kvinner og menn ved Brystdiagnostisk senter på Haraldsplass. Her undersøker vi pasientar som har symptom i brystet og /eller armhola. Pasientane er tilvist av lege eller innkalla til vidare undersøkingar etter å ha møtt i Mammografiprogrammet.
I tillegg er det pasientar som går til årleg mammografi etter brystkreft-behandling eller på grunn av auka risiko for brystkreft.
Vi har også ansvar for det offentlege mammografiprogrammet i Hordaland i regi av Kreftregisteret. Omlag 27.000 kvinner vert invitert til mammografiscreening årleg. Dette er eit offentleg tilbod til alle kvinner mellom 50–69 år.
- Meir informasjon om oppmøte og mammografiscreening på Danmarksplass