Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsprosjekt

PRO-DIALOG

Kan vi styrke den psykiske helsa til barn ved å byrja allereie mens dei går i barnehagen? Det er det vi ønskjer å få svar på i forskingsprosjektet «PROmoting mental health in young children - a DIALOGue based approach in kindergartens». Der vil vi evaluera ein ny metode der den halvårlege foreldresamtalen blir brukt meir systematisk, og der foreldra speler ei meir aktiv rolle. Målet er å kome tidlegare med gode tiltak for barn som har byrja å vise ei bekymringsfull utvikling.

Metoden, Dialogbasert tidleg oppdaging, er utvikla av overlege og professor Ingvar Bjelland i nært samarbeid med fire sjukehusbarnehagar (Helse Bergen) og fire kommunale barnehagar (Bergen kommune). 

Vi ønsker å få svar på:

  1. Kor god metoden er samanlikna med ein annan screeningmetode
  2. Kor brukarvennleg og robust metoden er
  3. Korleis metoden påverkar tidspunkt for igangsetting av tiltak for enkeltbarn
  4. Korleis metoden påverkar utviklinga av den psykiske helsen hos barn.

Prosjekteigar: 

Helse Bergen ved direktør for Divisjon psykisk helsevern,  Randi-Luise Møgster.

Prosjektleiar: 

Overlege og professor Ingvar Bjelland

 

 

Visuell fremstilling av prosjektorganisering: Prosjektgruppe, interessentgruppe, samarbeidspartnere. Grafikk

Klikk på bildet for større versjon

Prosjektet er godkjent av Regional komite for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK vest): Søknadsnummer: 151749

Sist oppdatert 24.03.2025