Målet med ei innlegging er å hjelpe barn / ungdom og familien med å finne gode måter å meistre vanskane på, som også kan brukast når barnet / ungdommen har kome heim igjen. Det er heilt individuelt kor lenge barn / ungdom er innlagt hos oss. Det er avhengig av behov. Dei fleste som er innlagt går på skulen, som er tilknytt sjukehuset.
Praktisk informasjon
Det er alltid miljøpersonale tilstade på posten og ein vakthavande lege er tilgjengeleg. Dersom behandlingsopplegget inkluderer skuletilbod, vil du også møte lærarar og spesialpedagogar.
Ungdommar som er innlagt på posten får eigne rom med dusj og toalett. Det er fellesstove med fjernsyn og dvd. Posten har også eige hobby- og aktivitetsrom.
Telefon / PC
Pasientane har moglegheit for å bruke eigen telefon og pc / tablet. Posten har ein mobiltelefon til å låne ut ved behov.
Besøksdagar og permisjon
Besøksdagar er kvar onsdag mellom kl. 17.00 -20.00. I helgene etter avtale. Andre besøkstider blir vurdert ved behov, og ein kan få permisjon etter avtale. Pårørande kan elles ta kontakt med posten når de ønskjer det. Vi på Akuttposten ønskjer eit nært samarbeid med pårørande.