Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Til deg som pårørande

Denne informasjonen er for pårørande til pasientar ved Psykiatrisk klinikk,

Eksteriør Psykiatrisk klinikk i Sandviken. Foto

Hos oss må alle besøk avtalast i forkant og skje innafor det tidsrom som avdelingane har sett opp for besøk. Besøkstida varierer noko på dei ulike avdelingane, så du må sjekke besøkstida hos den enkelte avdeling. 

Du finn besøkstida på avdelinga si nettside, eller ved å ta direkte kontakt med avdelinga. Sjukehuset har eigne rom som egnar seg for besøk, og personalet er tilgjengeleg i forkant, under, og i etterkant av besøket.  

Vi har stor forståing for at besøk er viktig både for pasientar, pårørande og venner. Ta kontakt for nærmare avtale, og vi vil legge til rette for best mogeleg samvær ut frå tilstanden til pasienten. 

Ved behandling i sjukehus treng vi avklaring på kven som skal vere pasientens nærmaste pårørande. Pasienten bestemmer sjølv kven som skal vere nærmaste pårørande, men vedkomande har ikkje plikt til å ta på seg oppgåva. Det er derfor viktig å få avklart kven som skal registrast som nærmaste pårørande. Det vil bli registrert i journalen til pasienten.

Pårørande er viktige samarbeidspartnarar og har erfaringar som er nyttige for behandlarane å kjenne til. Som nærmaste pårørande har du rett på informasjon om tilstanden og behandlingsforløpet til pasienten.  Som pårørande kan du medverke i det psykiske helsearbeidet rundt pasienten. 
Pårørande til pasientar som er søkt innlagt på tvang, kan ha utvida rett til informasjon og involvering. Les meir om det her: Pårørande - kva no? - helsenorge.no

Pårørande kan ha behov for kunnskap om sjukdommen, korleis dei best skal ta vare på seg sjølve, og korleis handtere rolla som pårørande. Vi ønskjer å bidra med rettleiing og støtte til pårørande ved behov.

Når ein i familien blir alvorleg sjuk eller skada, opplever mange at livet endrar seg. Helsepersonell på sjukehuset skal bidra til at mindreårige barn og søsken av pasientar (0-18 år), får den informasjon og støtte de treng. Det er viktig for oss at heile familien føler seg ivaretatt.



Video - For deg som er pårørande

Denne filmen frå psykologforeininga er laga for deg som er pårørande til ein med psykisk sjukdom. Møt Kari Bøckmann, psykolog og spesialist i vaksenpsykologi.
Om å vere pårørande til ein med psykisk sjukdom
/seksjon/psykiatrisk klinikk/PublishingImages/film.png
Sist oppdatert 14.06.2022