Avdeling for stemningslidingar har to døgnseksjonar lokalisert på Sandviken. Seksjonane S1 og S6 har kvar 10-12 enkeltrom og gir eit tilnærma likt behandlingstilbod.
Om avdelinga
Målgruppa vår er i hovudsak vaksne med bipolar liding, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Dei fleste pasientane kjem til oss frå Psykiatrisk akuttmottak (PAM). Alle døgnseksjonane er godkjende for tvungent psykisk helsevern etter psykisk helsevernlova.
Vår hovudoppgåve er å greie ut og behandle pasientar med stemningslidingar. Vi har som mål å gi tverrfagleg og god behandling til denne gruppa. Eit opphald hos oss kan vare frå nokre dagar til nokre veker, i enkelte tilfelle lengre. Før utskriving vil vi kartlegge den einskilde sitt behov for vidare oppfølging. Vi samarbeider tett med distriktspsykiatriske senter, kommunale tenester og fastlegar.
Behandling
Vi nyttar ulike behandlingsformer som psykoterapi, medikament, fysisk aktivitet og individuelt tilpassa miljøterapi. Miljøterapien vil kunne dreie seg om hjelp til å skape struktur i kvardagen, aktivitet, støttesamtalar og trygging. Aktivitørane på dei ulike døgnseksjonane har eit bredt spekter av aktivitetstilbod. På kvar seksjon tilbyr vi gruppeundervisning for pasientar om ulike tema knytt til psykisk liding. Vi samarbeider også med andre seksjonar om utgreiing og behandling, til dømes Seksjon for ECT (elektrokonvulsiv behandling).
Personale
Vi har ei tverrfagleg samansett personalgruppe. Kvar seksjon har aktivitør, sosionom, psykiater, lege, psykolog eller psykologspesialist, sjuke- og vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. Faggruppene arbeider i team slik at kvar pasient får tildelt fast behandlar og eigne miljøkontaktar. Sjukehuset har også prest tilsett. Alt helsepersonell har taushetsplikt. Vi arbeider for å få til eit godt samarbeid med pårørande.