Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Publikasjonar

Ved regional avdeling for spiseforstyrringar driv vi utstrakt forskingsarbeid. Under finn du et utvalg av våre publikasjonar.

Differences in sleep patterns between patients with anorexia nervosa and healthy controls: a cross-sectional study 

Malin Mandelid Kleppe, Ute Kessler, Guro Årdal Rekkedal, Hanna Flækøy Skjåkødegård and Yngvild Sørebø Danielsen.
https://doi.org/10.1186/s40337-023-00799-8  

Me ville undersøke korleis søvnvanane til personar med anoreksi er ulike frå dei til friske personar på same alder. Me undersøkte 20 personar med anoreksi og samanlikna dei med 23 friske personar ved å måle søvnvanane deira i løpet av ei heil veke. Me brukte et akselerometer (liknar på eit armband), som registrerte søvnvanane deira ved hjelp av bevegelses- og lyssensorar. Deltakarane hadde på seg dette armbandet heile tida, både om dagen og natta, mens de levde sine vanlege liv heime. Me oppdaga at personar med anoreksi generelt hadde lengre periodar med våkenheit om natta og fleire netter der de var vakne heile natta samanlikna med dei friske personane. Likevel var den gjennomsnittlege totale søvnvarigheita i løpet av veka omtrent den same i begge gruppene. Me merka oss at det var betydelege variasjonar i søvnvanane blant pasientane med anoreksi. Nokre hadde svært regelmessige søvnvanar, medan andre hadde svært uregelmessige. Derfor meiner me at variasjonen i søvnvanar blant personar med anoreksi er viktig å ta omsyn til når ein studerer søvn hjå desse pasientane.  ​

Intestinal barrier integrity in anorexia nervosa (a pilot study)

Malin M. Kleppe, Ingeborg Brønstad, Gülen A. Lied, Yngvild Danielsen, Guro Å. Rekkedal, Ute Kessler 
https://doi.org/10.1002/eat.23678 

Det er mange ulike årsaker til å utvikle anoreksi. Ei rekke biologiske faktorar kan mogleg bidra til å drive fram eller oppretthalde sjukdommen. I denne studien undersøkte vi tarmenveggens barrierefunksjon. Vi samanlikna 25 unge vaksne med anoreksi, med 28 menneske på same alder som ikkje har hatt spiseforstyrringar. Vi undersøkte tarmens barrierefunksjon ved hjelp av blodprøvemarkører som potensielt kan gi informasjon om redusert barrierefunksjon. Vi observerte at konsentrasjon av blodprøvemarkøren zonulin var lågare hos dei med anoreksi samanlikna med friske, mens blodprøvemarkørene LBP og iFABP ikkje skilte seg mellom gruppene. Hos pasientane med anoreksi hang blodprøvemarkøren zonulin saman med BMI, alder og leversyntese. Resultata kan ikkje bekrefte at pasientar med anoreksi har en svakare tarmbarriere enn friske, men fleire studiar kor ein også gjer seg nytte av andre metodar trengs før en kan sei noko sikkert om tarmens barrierefunksjon hos pasientar med anoreksi.

Experiences when implementing enhanced cognitive behavioral therapy as a standard treatment for anorexia nervosa in outpatients at a public specialized eating‑disorder treatment unit

Ute Kessler, Malin Mandelid Kleppe, Guro Årdal Rekkedal, Øyvind Rø, Yngvild Danielsen 
https://doi.org/10.1186/s40337-022-00536-7 

Vi undersøkte behandlingsutfall av poliklinisk CBT-E behandling hos 33 pasientar med anoreksi. Ein stor del av pasientane (69%) som fikk denne behandlingsforma avbrøyt behandlinga før den var fullført. Dei fleste av pasientane som fullførte behandlinga hadde god betring med lite symptom på spiseforstyrring samt oppnådd normal vekt. Studien underbygger viktigheten av å jobbe med strategiar for å unngå at behandlinga avbrytast for tidlig.

Association between gastrointestinal complaints and psychopathology in patients with anorexia nervosa

Ute Kessler, Guro Å. Rekkedal, Øyvind Rø, Birgitte Berentsen, Elisabeth K. Steinsvik, Gülen A. Lied, Yngvild Danielsen 
https://doi.org/10.1002/eat.23243 

Mageplager er vanlig ved anoreksi. I denne studien undersøkte vi samanhengen mellom mageplager og symptom på andre psykiske lidingar, symptom på spiseforstyrring og BMI hos pasientar med anoreksi. Resultata viste at høy grad av mage-tarm-plager var forbundet med høy grad av andre kroppslige plager. Alvorsgraden av symptom på spiseforstyrring påverka ikkje alvorsgraden av mageplagene. Mageplager bør adresserast i behandlinga for å hindre at disse vanskeleggjer etableringa av sunne måltidsmønster.

Patients' experiences from basic body awareness therapy in the treatment of binge eating disorder -movement toward health: a phenomenological study

Albertsen MN, Natvik E, Råheim M
https://doi.org/10.1186/s40337-019-0264-0 

«Basic Body Awareness Therapy» er en psykomotorisk fysioterapeutisk behandlingsform som tar for seg forholdet til egen kropp. Denne studien utforska ved hjelp av dybdeintervju 2 pasientars erfaringar med denne behandlingsformen. Endringar i korleis desse pasientane relaterte seg til eigen kropp under behandling var meiningsfulle for dei, og innebar større velvære og det å akseptere sin eigen kropp. Funna inspirerer til meir forskning på tilnærmingar med fokus på auka kroppsbevissthet i behandling av pasientar med overspisingslidelse.

Implementation of enhanced cognitive behaviour therapy (CBT-E) for adults with anorexia nervosa in an outpatient eatingdisorder unit at a public hospital

Stein Frostad, Yngvild S. Danielsen, Guro Å. Rekkedal, Charlotte Jevne, Riccardo Dalle Grave, Øyvind R, Ute Kessler
https://doi.org/10.1186/s40337-018-0198-y 

Dette er et kvalitetssikringsprosjekt der vi undersøkte effekten av å implementere CBT-E som standard behandling til polikliniske pasientar med anoreksi, i perioden 2013 til 2014. Halvparten av pasientane som fekk tilbod om slik behandling avslutta behandlinga før fullført behandlingsløp. 77% av pasientane som fullførte behandlinga oppnådde normal vekt (BMI >18.5 kg/m2) etter 12 månaders behandling.

Sist oppdatert 29.08.2023