Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Seksjon for spiseforstyrringar

Krav til tilvising av pasientar

Tilvisingar til Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) må innehalde informasjon som viser om pasienten kan ha rett til behandling ved avdelinga.

RAS er ei regional avdeling som har ansvar for dei mest alvorlig sjuke med spiseforstyrringar i Helse Vest. Vi tilbyr behandling til pasientar som allerede har fått tilbod om behandling i primærhelsetjenesta og i distriktpsykiatriske senter (DPS) eller psykiatrisk klinikk for barn og unge (PBU). ​

Det er eit krav at det skal sendast tilvising fra DPS eller PBU for å bli vurdert for behandling på regionalt nivå. Vi har ikkje øyeblikkelig hjelp funksjon, kun planlagte innleggingar og ventetida vil variere over tid.

Tilvisingar til Regional avdeling spiseforstyrringar må innehalde informasjon som viser om pasienten kan ha rett til behandling ved avdelinga. Sjå sjekkliste for tilvsing:

Sjekkliste for tilvising

  1. Tilvisingsgrunn (t.d. anorexia nervosa, bulimia nervosa)
  2. Kort om bakgrunn: (t.d. familieforhold og om pasienten har omsorg for eigne barn, opphopning av spesielle tilstander i familien, sivilstand, nettverk, psykososiale forhold, bustad, skule/arbeid, inntektskjelde, kontakt med NAV).
  3. Psykiatrisk sjukehistorie: (t.d. tidlegare kontakt med spesialisthelsetenesta: sjukehus- eller opphald på DPS, andre psykiske lidingar).
  4. Primærdiagnostikk foregår på lokal DPS ved hjelp av MINI eller SKID5.
  5. Screening av spiseforstyrring (EDE-Q og CIA).
  6. Kva type behandling mot spiseforstyrring som er prøvd ut, og kva effekt denne har hatt.​
  7. Somatisk sjukehistorie: (t.d. somatiske komplikasjoner som følge av spiseforstyrringa, lavaste vekt, hypokalemi, synkoper, lav beintetthet, problem med tenner, andre somatiske sjukdomar, tidlegare innleggelse ved somatisk sjukehus).
  8. Nikotin og rusmidler.
  9. Samarbeidspartnar: individuell plan, etablert samarbeid med kommunen eller andre helseaktører).
  10. Aktuelt:
    • vekttap/vektutvikling
    • spisemønster inkludert hyppighet av oppkast
    • overopptatthet av kropp, vurdering/oppfatting av eigen kropp, kroppssjekking
    • bruk av avførande midler, vanndrivande midler eller vektreduserande midler, motivasjon for endring
    • sjølvskading
    • suicidalitet
  11. Generell somatisk status:
    • Puls, BT, temp, ekg, hydrering/ødemer. Resultat av relevante utredninger og undersøkelser, aktuell vekt, høgde og BMI, resultat av ev. måling av beintetthet
    • Blodprøver: Hb, LPK med diff-telling, TRC, s-glucose, s-natrium, s-kalium, s-klor, s-magnesium, fosfat, kalsium, s ferritin, s-albumin, bilirubin, kreatinin m GFR, ALP, ALAT, gamma GT, CK, TSH og Fritt T4
    • Ut over dette rekvirere laboratorietester på klinisk indikasjon
    • Tilvise til Dexa-måling (beintetthet) på indikasjon
    • Medikament
    • Allergi
Alle pasienter vil innan10 kvardagar etter mottatt Tilvising,​ motta brev med dato for første vurderingssamtale og namn på behandler.

Referanser


Sist oppdatert 24.08.2023