Kvalitativ forskingsstudie - Lavterskeltilbod for folk med psykoseplagar

Ønsker du å delta i ei kvalitativ forskingsstudie som vil undersøke korleis folk som har vore i kontakt med TOPS-teamet (Tidleg oppdaging av psykose) ved Haukeland universitetssjukehus har opplevd hjelpeapparatet?

I studien «En undersøkelse av unges levde erfaringer av å møte et lavterskeltilbud for folk med psykoseplager» ønsker vi å vite kva som har vore til hjelp og til hinder for deg for å få god psykisk helse.

Dine erfaringar - positive så vel som negative - vil kunne gi verdifull kunnskap til helsearbeidarar om korleis dei på best mogleg måte kan møte andre som er i liknande situasjonar som du har vore i.

Forskningsstudien er forankra i ein større forskningsparaply ved Haukeland universitetssjukehus kalla Bergen Psykoseprosjekt 2, og blir leia i samarbeid med forskarar frå Høgskolen i Bergen. Prosjektet er også eit samarbeid mellom forskarar i Bergen og ved Yale University i USA.

Følgande problemstillingar vil blant anna bli belyst: 

Korleis opplevde du møtet med eit slikt oppdagelsesteam så vel som dei vidare psykiske helsetenestane? 
Kva er di erfaring med kva som er til hjelp og til hinder i dine møte med hjelpeapparatet? 
Og korleis ser du på kva det vil seie å bli betre i forhold til psykoserelaterte plagar?
Prosjektet består av to delstudier. Til saman vil det bli rekruttert mellom 30 og 50 personar i prosjektet.


Lurer du på noko?

Ta kontakt med

Prosjektleder 
Marius Veseth