Denne forteljinga er meint som ei hjelp i samtalen med barnet når pappa treng ECT behandling.
Då pappa vart sjuk og fekk ECT- behandling
Ada og Mathias sin pappa har fått ein sjukdom som heiter depresjon. Sjukdommen gjer at pappa har mange triste tanker og bekymringar i hovudet.
Pappa skal få ein behandling som heiter ECT. Du lurer kanskje på hva ECT er for noko? ECT er ei forkorting for «elektroconvulsiv behandling». Det ordet er så langt at dei fleste seier berre ECT- behandling.

Pappa smiler nesten aldri lenger. Det synest Ada og Mathias er dumt.




Ein dag fortel mamma at legen til pappa har bestemt at pappa skal på sjukehuset. Han skal få ei behandling som kan hjelpe han å bli frisk. Ada synest det høyrest skummelt ut med sjukehus, og får vondt i magen. Mamma fortel at det er legar og sjukepleiarar som passar godt på pappa på sjukehuset.
Pappa skal få ei type behandling som heiter ECT, det kallast også for elektrostimulering. Pappa får først bedøving, og søv når han får denne behandlinga. Når han har sovna, får han elektrodar på hovudet som gir straum som skal hjelpe så han blir frisk. Behandlinga gjer ikkje vondt. Det synest Ada er bra, og klumpen i magen blir mindre.
Etter ECT må pappa kvile ei stund. Mamma fortel at det kan hende at pappa ikkje hugsar alt det som Ada og Mathias fortel han, men at det går over.


SLUTT
Sist oppdatert 16.08.2023