Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Denne forteljinga er meint som ei hjelp i samtale med barnet når mamma treng ECT behandling

Då mamma vart sjuk og fekk ECT-behandling

Ada og Mathias si mamma har fått ein sjukdom som heiter depresjon. Sjukdommen gjer at mamma har mange triste tanker og bekymringar i hovudet.

​En dag forteller pappa at mamma skal på sykehuset. Hun skal få en behandling som kan hjelpe mamma å bli frisk. Ada synes det er litt skummelt med sykehus, og får vondt i magen. Behandlingen gjør ikke vondt forklarer pappa. Det synes Ada er bra, og klumpen i magen blir mindre. ​​

Mamma skal få en behandling som heter ECT. Du lurer kanskje på hva ECT er noe? ECT er en forkortelse for «elektroconvulsiv behandling». Det ordet er så langt at de fleste sier bare ECT- behandling.​

En mann og en kvinne
Ada og Mathias si mamma har fått ein sjukdom som heiter depresjon. Sjukdomen gjer at mamma har mange triste tankar og bekymringar i hovudet. Det blir mamma trøytt og lei av, og mamma klarar ikkje å leike med barna sine. 
Mamma smiler nesten aldri lenger. Det synest Ada og Mathias er dumt.
Teknisk tegning
Av og til kan Ada og Mathias bli sinte på mamma for at mamma er sjuk og ikkje vil leike med dei.​

Ikon
Ada kan og tenke at det er hennar skuld at mamma er lei seg, at Ada har gjort noko gale. Då trøystar pappa henne og seier at det er greitt å bli sint og lei seg, at mamma elskar Ada, og at det er sjukdomen si skuld at mamma er annleis. Ada og Mathias har ikkje gjort noko gale. ​

 ​

Lag
No skal mamma få hjelp til å rydde opp i dei triste tankane sine. Då må mamma vere på ei avdeling der det jobbar legar og sjukepleiarar som kan hjelpe mamma med å bli frisk. Mamma må sove der også. Ada og Mathias er heime med pappa. Det er rart at mamma ikkje er heime. Men Ada og Mathias kan få besøke mamma på avdelinga i lag med pappa. ​
Teknisk tegning
Ein dag fortel pappa at legen til mamma har bestemt at mamma skal på sjukehuset. Ho skal få ei behandling som kan hjelpe henne å bli frisk. Ada synest det høyrest skummelt ut med sjukehus, og får vondt i magen. Pappa fortel at det er legar og sjukepleiarar som passar godt på mamma på sjukehuset. 
Mamma skal få ei type behandling som heiter ECT, det kallast også for elektrostimulering. Mamma får først bedøving, og søv når ho får denne behandlinga. Når ho har sovna, får ho elektrodar på hovudet som gir straum som skal hjelpe så ho blir frisk. Behandlinga gjer ikkje vondt. Det synest Ada er bra, og klumpen i magen blir mindre. 
 
Teknisk tegning
​Ada og Mathias synes mamma er lenge vekke. Men det er godt å få besøke mamma på sjukehuset. No smiler mamma av og til, og kan tøyse litt med dei. Dei ler når mamma ikkje hugser at dei skal i besøk til tante seinare i dag. Pappa seier at mamma vil hugse meir etter kvart.​
Grafisk brukergrensesnitt

Snart er mamma ferdig med behandlinga på sjukehuset. Pappa fortel at mamma framleis vil trenge litt tid før ho har fått igjen all energien sin. Det synest ikkje Ada er så rart. Mathias og Ada er glade for at mamma kjem heim igjen.​

Slutt

Brukarpanelet ved Seksjon for ECT, Haukeland universitetssjukehus
Illustratør: Therese G. Eide
Heftet er Inspirert av brosjyren ”Når mamma er sjuk”  frå UCL Ervervsakademi og Professionshøyskole i Danmark.​​
 
 
Sist oppdatert 16.08.2023