Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagt tvungent psykisk helsevern.
Våre einingar
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) består av seksjonane PAM1, PAM2 og Psykiatrisk ambulanse. Avdelinga skal gi raske og faglege vurderingar som kan danne grunnlag for vidare hjelp, samt starte behandling eller andre tiltak der det er nødvendig. PAM skal vere lett tilgjengeleg for andre instansar som har behov for råd og rettleiing.
Psykiatrisk ambulanse
Psykiatrisk ambulanse skal sørgje for at psykisk sjuke får eit tilbod om transport til behandling som er prega av respekt og likeverd.
Psykiatriambulansen er operativ alle dagar frå klokken 10.00-21.00. Transporttilbodet er eit samarbeid mellom Akuttmedisinsk avdeling og Psykiatrisk klinikk. Mens bil og sjåfør er knytt til Akuttmedisinsk avdeling, er psykiatripersonellet på ambulansen knytt til PAM.
Sengepostar
På sengepostane (PAM1/PAM2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Postane er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst.
På sengepostane får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg. Hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.