Helsenorge

Søvn

Søvnvanskar rammar mange menneske. Rundt 10 % har alvorlege og langvarige søvnproblem, mens rundt éin tredjedel av befolkninga opplever dårleg søvn i periodar. Det er vanleg med søvnvanskar ved dei fleste psykiske lidingar.

 


SJÅ VIDEO: Ane Wilhelmsen Langeland (psykolog, psykologspesialist, PhD/forskar) snakke om råda som verkar når du slit med søvnen.

Langvarige søvnvanskar

I dette programmet lærer du ein metode for å bli kvitt søvnplager som har vart i tre månadar eller lenger. Viss du derimot har søvnvanskar som har vart kortare enn tre månadar, har vi ein alternativ video som du finn under:

 


Trykk her for fullstendig speleliste med alle modular i sjølvhjelpsprogrammet for langvarige søvnvanskar

Kortvarige søvnvanskar

I denne videoen lærer du korleis du handterer søvnvanskar som har vart mindre enn tre månadar:​

 



Fann du det du leita etter?