Eit uttalt mål i prosjektet har vore å utforske konkrete løysingar for å forstå korleis aktørane i Helsefellesskapet best kan organisere seg, og korleis dei kan levere samanhengande helse og velferdstenester med utgangspunkt i reelle brukarbehov.
I tillegg har prosjektet utvikla ein modell for samskapande innovasjon og utvikling av helsefelleskap, der de ilikeverdige partane møtast med utgangspunkt i pasienten sine behov.
Om prosjektet
Prosjektorganisering og leiing
Prosjekteigar
Liv Åse Dybdal, klinikkdirektør, Øyane DPS
Prosjektgruppe
Trude Senneseth, prosjektleiar og programansvarleg, Samskaping i Vest
Vidar Sangolt, Øyane DPS
Therese Helgesen, Øygarden kommune
Inger Jørgensen, Askøy kommune
Joakim Ophaug, NAV region Vest
Anne Hilde Bjøntegård, forvaltning, prosjektleiar PwC
Lene Godager Kaas, leiar tenestedesign, PwC
Lavrans Løvlie, tenestedesign, ansvarleg partnar, PwC
Rannveig Tobiassen, tenestedesign, PwC
Marte Andresen, gevinstarbeid, PwC
Beslutningstakarar
Line Barmen, kommunalsjef for helse og velferd, Øygarden kommune
Eva Mikkelsen, leiar familie og inkludering, Askøy kommune
Helga B. Torgersen, regionleiar, NAV region Vest
Liv Åse Dybdal, klinikkdirektør, Øyane DPS
Kontakt
Trude Senneseth
E-post:
trude.senneseth@helse-bergen.no
Om StimuLab ordninga - Trippeldiamanten
Prosjektet vårt var eit av
åtte innovasjonsprosjekt i 2020 som fekk økonomisk støtte frå DOGA (Design og arkitektur Norge) og DigDir (Digitaliseringsdirektoratet) sin StimuLab-ordning. Målet med ordninga er å stimulere til innovasjon i offentleg sektor fra brukaranes perspektiv.
Prosjekt som får støtte av StimuLab-ordninga forpliktar seg til å jobbe etter ein innovativ arbeidsmetode som heiter «Den triple diamanten». Den triple diamanten består av tre generelle fasar. Kvar diamant inneheld to trinn som viser korleis prosessen opnar opp og utforskar, for deretter å definere og lukke.
Leveransar i prosjektet
Øyane modellen for innovasjon
Modellen er utvikla på bakgrunn av læring i dette prosjektet og skal passe for vidare utviklingsarbeid i Helsefellesskap. Modellen har fokus på brukarorientering, samskaping og likeverdig partnarskap.
Les meir - Øyane modellen for innovasjon i Helsefellesskap (PDF)
Heilskapleg konsept for gode oppstartar i pasientforløp
Konseptet består av tre delar (tiltak) som saman styrkar kvarandre, men som og fungerer enkeltståande. Det overordna konseptet har som mål å bidra til at pasientar opplever trygge og saumlause overganger kvar gong brukaren skal møte ei ny teneste eller nytt personell. Det nye kan vere overføring av ansvar for helsehjelp mellom helseføretak, kommune eller NAV, eller å bytte behandlar innan same organisasjon.
Konseptet blei utvikla på bakgrunn av innsiktsarbeid opp mot brukarar, pårørande og tilsette i tenestene, som alle seier at overgangane er særleg sårbare for svikt. Dei tre delkonsepta (tiltaka) er «Tillitsbyggjarane», «Det første møtet» og «Samsnakk»
Les meir - Heilskapleg konsept for gode oppstartar i brukar- og pasientforløpet som går på tvers av organisasjonar / tenester (PDF)