Behandling på Øyane psykosepoliklinikk FACT er for pasientar over 18 år som har, eller kor det blir mistenkt at dei har, alvorleg psykisk liding som:
- Schizofreni
- Ulike typar psykose
- Alvorleg affektiv liding
- Psykosar /schizofreni med rusproblematikk
- Pasientane blir søkt til Rehabiliteringspoliklinikken via tilvising frå lege.
Behandlingstilbod
- Diagnostisering : Utgreining: f. eks. ved mistanke om schizofreni blir det teke MINI, ev. PAI og SCID, PANSS, somatisk utgreiing via fastlege, anamnese, GAF og komperentinf.
- Behandling
- Samarbeide med dei kommunale helsetenestene
- Samarbeide med aktuelle sjukehus/ institusjonar i Helse Bergen
Innanfor dei nemnde tilbodskategoriar vil det liggje eit individualisert behandlingsopplegg som blir justert i takt med behova til pasientane til ei kvar tid.