Behandlinga er i hovudsak for pasientar med psykoseproblematikk som treng kortvarig rehabilitering eller avlastning for å meistre livet utanfor institusjon.
Opphaldet skal vere tidsavgrensa og ha ei klar målsetjing. Pasienten skal ha ei avklart utskrivingsadresse.
Vi tek berre i mot pasientar til frivillig opphald. Pasienten kan ikkje vere aktiv suicidal eller i behov for skjerming.
Behandlingstilbod
- Miljøterapi
- ADL kartlegging og trening
- Struktur med fokus på døgnrytme
- Medisinvurderingar
- Planlagde, regelmessige opphald
- Pasienten vil ved innlegging få tildelt behandlar og miljøkontaktar. Det er ønskeleg at pasienten skal vere delaktig i utarbeiding av eigen behandlingsplan
Fysisk aktivitet
Som ein del av behandlingsopplegget blir det under innlegging gitt anledning til å delta i fysiske aktivitetar som turgåing, ballspel, symjing og økter i treningsrom/studio. Det vil vere både individuelle- og gruppeopplegg i samarbeid med psykiatrialliansen.
Aktiviteten vil bli lagt opp slik at det skal vere mogeleg å overføre opplegget til kvardagen utanfor institusjonen.
Samarbeidspartnarar
For å sikre pasienten best mogeleg behandling og oppfølging blir det arbeidd for å få til eit tett samarbeid mellom sjukehus, DPS og kommunen.
Seksjonsleiar