Poliklinisk behandling inneber at du har jamlege samtalar med ein behandlar eller med ei behandlingsgruppe.
Dei første samtalane blir brukte til utgreiing av vanskane dine. Vanlegvis inneber ei utgreiing både samtalar, strukturerte intervju og spørjeskjema. Saman med deg ynskjer vi å avklare kva som er hovudutfordringane dine og kva for behov du har for vidare oppfølging. Utgreiinga fører til ei vurdering og ei avgjerd om vidare behandling.
Saman med den polikliniske behandlaren din, blir de samde om måla for behandlinga, kor ofte de skal møtast og kor lenge behandlinga skal vare.
Det finst mange ulike behandlingsmetodar. Dei behandlingsmetodane vi nyttar, har dokumentert god effekt på behandling av ulike psykiske lidingar. Ofte må ein øve for å få til forandringar i livet sitt. Ein viktig del av behandlinga er difor at du øver på det du lærer mellom samtalane.
Nokre symptom kan fortsatt vere til stades ved avslutning på behandlinga. Samtidig, opplever mange at behandlinga har belyst nye måtar å ta omsyn til det som er vanskeleg på, og at en har fått fleire reiskapar for å jobbe vidare på eiga hand med å gjere dei nødvendige endringane.
Behandlinga kan gjennomførast individuelt, i gruppe eller over nettet, enten som rettleia Internettbehandling eller via video.