Ambulant akutteam ved Øyane DPS

Ambulant Akutteam (AAT) tilbyr sine tenester til den vaksne befolkninga i Øyane DPS sitt opptaksområde; kommunane Askøy og Øygarden.

Les meir om Ambulant akutteam ved Øyane DPS

Ambulant akutteam ved Øyane DPS

AAT er eit tverrfagleg team bemanna av overlege, psykologspesialistar, psykologar og psykiatrisk sjukepleiarar, og har fire funksjonar:

  • Poliklinisk vurdering; pasienten får ein einskild vurdering av behandlar på vakt i AAT
  • Ambulerande konsultativ teneste; behandlar i AAT og psykiatrisk sjukepleiar reiser heim til pasienten for å gjere ein vurdering av pasientens hjelpebehov
  • Konsultativ teneste pr. telefon; lege/ anna behandlar kan drøfte akuttpsykiatriske problemstillinger med behandlar i AAT
  • Kortvarig oppfølging med nettverksarbeid; AAT kan fylgje opp med kortvarig kriseintervensjon inntil 3 veker, som ein forlenging av kontakten på AAT vakt. Oppfølginga kan skje i Øyane DPS sine lokalar og/eller heime hos pasienten. Dersom AAT vurderar behov for iverksetting/vidareføring av nettverksarbeid vil psykiatrisk sjukepleiar i teamet ha ansvaret for å bringe vidare melding om behovet for ein slik tilnærming

Kven kan tilvise til AAT

  • Fastlege / legevakt
  • Vakthavande ved Psykiatrisk akuttmottak (PAM)
  • Leiarar ved Øyane DPS

Psykiatritenesta kan ringe for rådføring. Eit tilsyn av AAT vil krevje at saken er drøfta med pasientens fastlege og at det føreligg skriftleg tilvising frå denne.

Skriftleg tilvising

Akutteamet set som føresetnad at fastlege/legevakt er kjent med pasientens situasjon før han tilvisast. Tilvisninga skal vere skriftleg. Denne kan om nødvendig ettersendast om tilhøva tilseier at det vil gjere det enklare for pasienten.

Vakttid

Akutteamet er bemanna på kvardagar kl. 8.00 - 15.00, og kan kontaktast på telefon 56 32 66 00. Siste konsultasjonstime er kl. 14.00 kvar dag.

Seksjonsleiar

Konstituert leiar:  Nina Bjerke

Kontaktinformasjon

Telefon
56 32 66 00
E-post
Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Øyane DPS
Ambulant akutteam
Postboks 1400
5021 Bergen

Blombakkane 75
Besøksadresse
Blombakkane 75(Kart)
5353 Straume

​Parkering​

​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

Buss

​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

Praktisk informasjon

Mattilbod

​Øyane DPS har ikkje kiosk eller kantine. På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Fann du det du leita etter?