Opphaldet skal vere tidsavgrensa og ha klar målsetjing. Pasienten skal ha ei avklart utskrivingsadresse.
Vi tek berre i mot pasientar til frivillig opphald. Pasienten kan ikkje vere aktiv suicidal eller i behov for skjerming.
Behandlingstilbod
- Miljøterapi
- ADL kartlegging og trening
- Struktur med fokus på døgnrytme
- Medisinvurderingar
- Pasienten vil ved innlegging få tildelt eit team som består av behandlar og miljøkontaktar. Pasienten skal vere delaktig i utarbeiding av eigen behandlingsplan der det blir skissert mål for opphaldet og estimert innleggingstid.
Fysisk aktivitet
Som ein del av behandlingsopplegget blir det under innlegging gitt anledning til å delta i fysiske aktivitetar som turgåing, ballspel, symjing og økter i treningsrom/studio. Det vil vere både individuelle tilbod i seksjonen og gruppeopplegg i samarbeid med psykiatrialliansen.
Aktivitetar vil bli lagt opp slik at det skal vere mogeleg å overføre opplegget til kvardagen utanfor institusjon. Det er ønskeleg at pasienten skal kunne trene/delta på eigne aktivitetar i nærområdet sitt. Seksjonen vil leggje tilrette for dette.
Samarbeidspartnarar
For å sikre pasienten best mogeleg behandling og oppfølging blir det arbeidd for å få til eit tett samarbeid mellom sjukehus, andre seksjonar ved DPSet og kommunen.