Regionalt senter for sansetap og psykisk helse
Tilbod for vaksne
Målgruppe
- Høyrselshemma (både døve og tunghøyrde) vaksne med psykiske vanskar
- Synshemma, både svaksynte og blinde, vaksne med psykiske vanskar
- Personar med både syns- og høyrselstap og psykiske vanskar
- I somme tilfelle kan også nære pårørande (barn eller vaksne) til personar med høyrselshemming få tilbod
Tenester på senteret
Senteret tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske helseproblem, psykiske lidingar og psykososiale vanskar. Behandlinga kan bestå av rådgiving, samtaler, psykoterapi og/eller medikamentell behandling.
Senteret kan samarbeide med til dømes NAV, rådgivingskontor for høyrselshemma i kommunen og andre instansar. Føresetnaden er at pasienten gir samtykke til dette.
Medarbeidarane på senteret har psykiatrisk utdanning (psykiatrisk sjukepleiar, psykologspesialist og psykiater), og har spisskompetanse på sansetap og kva konsekvensar det kan ha for psykisk helse.
Kommunikasjon med pasientane
Tenestene blir gjeve i størst mogleg grad ved hjelp av den kommunikasjonsforma som pasienten føretrekkjer. Det kan vere teiknspråk, teikn til tale, bruk av tolk, tydeleg tale, bruk av tekniske hjelpemiddel. Vi kan og tilby bistand til samarbeidspartnarar i forhold til vaksne med syns- og/eller høyrselshemming. Dette kan mellom anna vere:
- Assistanse til utgreiing og behandling av pasientar med sansetap.
- Rettleiing om konsekvensar av høyrselstap og synstap.
- Rettleiing om bruk av teiknspråktolk i terapi.
- Nasjonal behandlingsteneste for sansetap og psykisk helse (NBSPH) i Oslo vil bli trekt inn i saker der utvida kompetanse trengst.
Tilvising
Senteret tek i mot tilvisingar frå lege eller psykolog. Følgjande informasjon er ønskjeleg ved tilvising:
- Ei orientering om kva ein ønskjer hjelp til
- Bakgrunnen for problemet
- Audiogram
Postadresse vaksne:
Haukeland universitetssjukehus
Kronstad DPS
Regionalt senter for sansetap og psykisk helse
Postboks 1400
5021 Bergen
Kontaktperson: Kristin Opedal, overlege og spesialist i vaksenpsykiatri
E-post: kristin.opedal@helse-bergen.no
Telefon: 55 95 60 00 | 48 14 76 83