Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny kunnskapsbasert retningslinje for Tourettes syndrom skal bidra til auka kompetanse og mindre variasjon

I dag er det stor variasjon i tenestetilbodet til personar med Tourettes syndrom i Noreg. Fagmiljøa og brukarforeininga har i fleire år sett behovet for ei nasjonal retningslinje.

Publisert 02.11.2021
Sist oppdatert 10.04.2024

​Tourettes syndrom er ein tics-diagnose, men dei fleste har andre vanskar i tillegg. ADHD og tvang er dei vanlegaste tilleggsdiagnosane, og mange kan også ha smerter, søvnvanskar og angst.

Det er ikkje alltid dette får tilstrekkeleg merksemd i hjelpeapparatet, seier Kristin Andersen Bakke, overlege og spesialist i barnesjukdommar ved Oslo universitetssykehus.

Bakke er tilsett som overlege på NevSom (Nasjonalt kompetansesenter for Nevroutviklingsforstyrrelser og Hypersomnier) og ho har leda arbeidsgruppa som har utarbeida den nye retningslinja. I gruppa er det fagpersonar som har erfaring med vaksne og barn med Tourettes syndrom.

Målsettinga har vore å gjere kunnskapen om Tourettes syndrom og andre ticstilstandar lettare tilgjengeleg for fagpersonar i helsetenesta, pasientar, pårørande og andre som kjem i kontakt med personar med tourette.

– Den nye retningslinja som no kjem, inneheld konkrete anbefalingar. I tillegg er det mykje meir utfyllande informasjon om tics og tilleggstilstandar enn det som har vore tilgjengeleg tidlegare seier Bakke.

Vi treng meir kunnskap om tourette
Det er ei kunnskapsbasert retningslinje som no blir lansert. Det betyr at anbefalingane i retningslinja bygger på ein kunnskapsbasert tilnærming. Kunnskapsgrunnlaget omfattar forskingsbasert kunnskap, erfaringsbasert kunnskap og pasient/brukarkunnskap.

– Det er behov for meir kunnskap om tourette i Noreg. I dag er det stor variasjon og mange misforståingar knytt til diagnosen. Eg håper den nye retningslinja blir eit godt verktøy for dei som møter pasientar med Tourettes syndrom, avsluttar Bakke.

Kor finn eg retningslinja?
Retningslinja er tilgjengeleg på metodebok.no. Du finn den både under nevrologi og psykiatri.