Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kognitiv åtferdsterapi (KAT) ved angst og/eller depresjon hos pasientar med autismespektertilstand (AST)

Born, unge og vaksne i autismespektrumgruppa med normalt kognitivt evnenivå vert ofte seint identifisert, feildiagnostisert og får ufullstendig utreiing av komorbide tilstandar. Mange får psykiske vanskar som til dømes angst og/eller depresjon. Fagfeltet har først i seinare tid vorte merksam på psykiske lidingar som eit viktig komorbid aspekt ved autismespektrumtilstandar.

​Hausten 2012 starta RFM eit prosjekt for å auke behandlingskompetansen hos behandlarar som møtar personar med autismetilstandar og samtidig psykisk liding.

Prosjektet samla i alt 12 deltakarar frå alle helseføretaka i Helseregion Vest. I prosjektperioden møtte  deltagarane på 12 - 14 dagsamlingar.  Dei deltakande klinikarane kom frå både barnefeltet og frå vaksenfeltet. Det er belegg for å hevde at KAT-behandling kan vere ein god måte å hjelpe personar med AST og samtidige emosjonelle vanskar.

Prosjektets føremål var  å bidra til at pasientar med AST får behandling for sine psykiske vanskar gjennom at klinikarar får rettleia erfaring med å gjennomføre denne typen behandling. Prosjektet ble gjennomført som månadleg grupperettleiing og det var ein føresetnad at ble henta inn ulik bakgrunnsinformasjon og forløpsinformasjon som skulle bidra til å belyse prosjektet si nytte for pasientane og for dei deltakande klinikarane.

Rettleiar i prosjektet var psykolog Jon Fauskanger Bjåstad som har omfattande røynsle med pasientgruppa og med KAT. Prosjektleiar var fagleg leiar for RFM, Bente Ubostad.

Prosjektet vart sluttført  våren 2014. Erfaringar blei formidla på RFM sin Erfaringsamling august 2015. Det er og lagt opp til at prosjektet eventuelt kan vidareutviklast og vidareførast på bakgrunn av dei røynslene ein gjer seg i denne første gjennomføringa.

 

Prosjektrapport

 

Kontaktperson: bente.ubostad@helse-bergen.no

Sist oppdatert 10.04.2024