Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi i Helse Vest skal bidra til gode tenestetilbod til pasientar med dei fire diagnosane. Vår virksomhet omfattar formidling, fagutvikling, konsultasjon, veiledning, rådgjeving, forsking og undervisning.

RFM Helse Vest gir ikkje tilbod om pasientbehandling, men kan gje råd og informasjon om behandlingstilboda i regionen.

Les meir om Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

festningen berdenMeir om oss 

Det regionale fagmiljøet (RFM) skal støtte dei kliniske einingane som yter helsetenester til pasientane gjennom bidrag til kompetanseheving og tenesteutvikling. Vi skal sjå på pasienttilbodet i eit livsløpsperspektiv og bidra til gode overgangar mellom tenestenivå og teneste-einingar. Fagmiljøet kan støtte forsking og fagutvikling som bidreg til å styrke og utvikle tenestetilbodet til pasientane.

RFM Helse Vest skal legge vekt på å identifisere utfordringsområdar knytt til dei fire diagnosane og fortløpande ta stilling til kva satsingar det er trong for i regionen. Eit av dei tidlegare tyngdepunktområda for RFM er oppretthaldt i si opphavlege form og linjeorganisering i Helse Fonna. Dette tyngdepunktet sitt tema er «Psykiske lidingar og særleg utfordrande åtferd der det ligg føre autisme og utviklingshemming».

Frå 1. 1. 2017 er RFM plassert organisatorisk i Helse Bergen på Kronstad DPS, som er en enhet innenfor Divisjon for psykisk helsevern. For å sikre god forankring i heile regionen har Helse Vest satt ned ei referansegruppe for RFM. Referansegruppa har to møtar i året og skal fungere som bindeledd mellom RFM, kliniske einingar med pasientansvar og dei respektive brukarorganisasjonane. For referansegruppa sitt mandat sjå link under.

RFM har og eit godt samarbeid med tilsvarande fagmiljø i dei andre Helseregionane samt dei nasjonale einingane med ansvar for dei fire diagnosane; Den nasjonale autismeenheten (AE) og Nasjonalt kompetansesenter for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi (NK). Dette sikrar nasjonal kompetansedeling og at utfordringar som treng nasjonal innsats vert identifisert og løyst i fellesskap på tvers av helseregionane.

Mandat

Tilsette

Vår verksemd

Styrende dokumenter:

Nyhetsbrev

Her finner du nyhetsbrev fra Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi.


Kontaktinformasjon

Telefon
Seksjonsleiar RFM Helse Vest Unni Sagstad tlf. 55 95 61 95 . Lege RFM Helse Vest Heike Eichele tlf. 55 95 61 93 (tilgjengelig mandag og tirsdager)
E-post
Kronstad DPS
Besøksadresse
Fjøsangerveien 36(Kart)
5054 Bergen
Telefon
55 95 60 00 / 55 97 50 00
E-post

Bybane

​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  

Parkering

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

Praktisk informasjon

Apotek

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.

Aktuelt

Diagnose

  • Tourettes syndrom

    Tourettes syndrom er en nevrobiologisk tilstand som kjennetegnes av ufrivillige, raske, plutselige bevegelser og lyder som gjentar seg, kalt tics.

  • Narkolepsi

    Narkolepsi er en kronisk nevrologisk lidelse som rammer sentralnervesystemet og forstyrrer søvnmønsteret.

  • Autisme

    Autisme er en utviklingsforstyrrelse der de første symptomene vanligvis kommer i løpet av barnets tre første leveår. Autisme er mer vanlig hos gutter enn hos jenter.

  • ADHD

    ADHD er forkortelse for Attention Deficit/Hyperactivity Disorder og kjennetegnes ved betydelig grad av konsentrasjonsvansker, impulsivitet og hyperaktivitet.

Arrangement

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.