Bakgrunn
Sjølv om tvangsliding regnast for å være ein av dei mest invalidiserande psykiske lidingane, veit me lite om sammenfallende søvnproblemer og korleis søvnmønsteret ser ut hos denne gruppa pasientar. Som del av OCD-teamets ordinære kvalitetssikring har me derfor som mål å sjå nærare på førekomsten av søvnproblem hos dei med tvangsliding og om søvnmønsteret endrar seg etter behandling.
Deltaking - måling av søvnmønster før og etter behandling
Alle pasienter i ordinær klinikk blir bede om å svare på eit kort spørjeskjema som målar søvnmønsteret. I tillegg vil pasientar som får behandling hos oss mulighet til å bruke eit søvnarmbånd i løpet av nettene, både før, under og etter behandling. Dette søvnarmbåndet vil gi informasjon om når du søv og korleis du søv. I tillegg vil pasientane ha molegheit til å fylle ut ei søvndagbok i den gjeldende perioden.
Regional Etisk komité for medisinsk og helsefaglig forskning (REK) har vurdert og godkjend innsamling av søvn-data.