Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mentalisering og mentaliseringsbasert terapi (MBT)

MBT Team

MBT teamet ved Kronstad DPS tilbyr kombinasjonsbehandling i form av MBT Individual og gruppeterapi. I tillegg kjem deltaking i psykopedagogisk MBT-gruppe. Det er ein føresetnad at ein tar del i alle tre MBT-terapiene. MBT-teamet består av psykiater, psykologspesialistar og psykologar frå ulike seksjonar i Kronstad DPS (poliklinikk, sengepost og dagbehandling).

Vi tilbyr eit intensivt psykoterapiprogram for personar som slit med ustabile og intense følelsar, vanskelege relasjonar, problem med å kontrollere impulsar og som ofte driv med sjølvskading (emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring). 

Det vil bli tatt videoopptak av behandlinga til rettleiingsføremål. 


Sist oppdatert 10.04.2024