Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Seksjon for 4-dagers behandling

4-dagers behandling er ei konsentrert eksponeringsbasert behandling for tvangsliding (Obsessive Compulsive Disorder, OCD) og alvorlege angstlidingar. 

Vi omfattar både barn/ungdom og vaksne, og seksjonen er integrert med kvalitetssikring og forsking. 

Seksjon for 4-dagersbehandling tilbyr denne behandlinga til pasientar med OCD i heile Helse Bergen sitt opptaksområde.

Behandling av pasientar med alvorlege angstlidingar er for pasientar tilhøyrande Kronstad DPS

Les meir om OCD-teamet i Bergen

For ei kort forklaring av 4-dagars behandlinga, sjå denne filmen

Repetert einsesjonsbehandling for angstlidingar

Seksjon for 4-dagarsbehandling har dei siste åra behandla pasientar med OCD, panikkliding og sosial angst ved bruk av repetert einsesjonsformat (rOST).
 
I dette formatet får pasienten konsentrert behandling over 4–6 sesjonar, der psykoedukasjon og eksponeringstrening blir repetert for kvar økt.
 
Den første artikkelen frå evalueringa er no publisert og skildrar behandlinga av 27 pasientar med panikkliding. Resultata viser at fire individuelle behandlingsøkter gir tilsvarande behandlingsutfall som fire dagars behandling (B4DT) for denne pasientgruppa.
 
Desse funna samsvarer med erfaringar frå behandling av OCD og sosial fobi i tilsvarande format, og dannar eit godt grunnlag for vidare publisering av studiar som undersøker meir konsentrerte behandlingsformat.
 
Lenke til artikkelen:
 
 
 
Sist oppdatert 30.01.2026