Ambulant akutteam (AAT) kan møte pasientar heime eller ved Kronstad DPS etter behov. AAT har hovudansvar for det polikliniske og ambulante akuttilbodet i Kronstad DPS og har ei sentral rolle i akuttforløpet; vi har ansvar for akutthjelpstilbodet (AH) på dagtid i Kronstad DPS og spesialistar i AAT har ansvar for akutttelefonen i tidsrommet kl. 08.00 til 16.00.
Akutteamet er tverrfagleg bemanna med overlege, psykologspesialistar, psykolog og psykiatriske sjukepleiarar, og våre hovudfunksjonar er:
- Å vurdere akuttpsykiatriske og kriseprega tilstandar
- Å hindre unødige innleggingar i sjukehus
- Å bidra til at pasientar er innlagde i døgnavdelingar så kort tid som mogleg
Frå og med andre konsultasjon må ein betale eigendel.
AAT sine arbeidsoppgåver
- Vurdere og følgje opp pasientar som er tilviste til akutthjelpstimar (AH)
- Vurdere om det er behov for innlegging ved akutte krisar
- Forebygge og hindre unødig innlegging i sjukehuset
- Følgje opp både før og etter innlegging. Følgje opp pasientar ved korte behandlingsforløp
- Vere eit bindeledd mellom kommunehelsetenesta og DPS/sjukehuset
- Gi råd og rettleiing til pasient, pårørande og andre i pasienten sitt eige nettverk
- Gi råd og rettleiing til anna helsepersonell
Kven kan tilvise til Ambulant akutteam (AAT)?
AAT tar i mot telefonisk eller skriftleg tilvising frå:
- Fastlege / legevakt
- Sjukehuset
- Behandlarar ved DPS
- Kommunal helseteneste